Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 28.

Kraftig auke i førehandsrøystinga første veka

Fredag ettermiddag klokka 16 var det registrert 2 098 førehandsrøyster i Øygarden. Dette inkluderer 123 røyster til andre kommunar.
Les meir. 

- Vi er klare

På måndag hadde 43 lærlingar den første arbeidsdagen sin i Øygarden kommune.
- Vi ser fram til å arbeida med folk, seier tre av dei vi snakka med på introduksjonsdagen på Rong kulturhus. Maylen, Colin og Synnøve har saman med dei fleste andre som deltok på samlinga på måndag, gjennomført to år på den vidaregåande skulen.
Les meir.

Mange hadde sommarfuglar i magen

Det var ein stor dag for dei 49 førsteklassingane som møtte opp på Ulveset skule på torsdag.
- I dag har vi reist flagget til ære for deg, sa rektor Cecilie Mikkelsen Dahl då ho saman med kollegaene og ordførar Tom Georg Indrevik tok imot elevane.
Les meir.

- Dette var gjort på ein augneblink

Det var fort gjort for Ragnvald Andreas Hovden å ordna med førehandsrøysting på innbyggartorget og biblioteket på Rong måndag føremiddag.
- Eg har bestemt meg for lenge sidan, seier han.
Klokka 10 opna dørene på innbyggartorga i Skogsskiftet (Sund Senter), bibliotekshagen (Sartor Storsenter) og på Rong Senter. I perioden 11. august til og med fredag 5. september er det mogleg å røysta på førehand til stortings- og sametingsvalet.
Les meir.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøysta til og med 5. september til stortingsvalet og sametingsvalet. Dette kan du gjera i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjera dette så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen.
Les meir.

Vi treng fleire valmedarbeidarar på valdagen 8. september

Øygarden kommune treng fleire samfunnsengasjerte, positive og nøyaktige personar til å delta i valgjennomføringa på valdagen 8. september. Tabellen nedanfor viser vallokale med ledige vakter. Vi tildeler etter kvart som søknadane kjem inn.
Les meir.

Støypte to bruer

Denne veka er det støypt to bruer som ein del av Sotrasambandet. Dette er andre og siste del av den nye sykkelbrua over riksveg555 ved Stekervika og ny bru på Bildøyna.
Les meir.

Kven fortener kulturprisen for Vestland 2025? 

Dette året vert det for første gong delt ut ein kulturpris for Vestland fylkeskommune. Du kan vera med og avgjera kven som skal få prisen. Prisen er på 50 000 kr og skal gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein heilt spesiell innsats for kunst og kultur i fylket.
Les meir.

10 nye adressenamn

Øygarden kommune, delegert til namnemynde ved eining arealforvaltning, vedtok 12.august 10 nye adressenamn. Vedtak kan klagast av dei som etter stadnamnlova har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (33)

  • 11.08.:  Styremøte i Naturressurskommunane
  • 12.08.-13.08: Ulike møte og debattar i Arendal på vegner av Høgre og KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 14.08.:  Skulestart, Ulveset skule
                Diverse bedriftsbesøk
  • 15.08.:  Vestland fylke, energidagen 
                 Dialog med utbyggjar
                 Møte Tremorkirken 
  • 16.08.:  Ulike aktivitetar Høgre

Ordføraren neste veke (34)

  • 18.08.:  Interne møte
                 Opning av nytt uteområde Sund ungdomsskule 
                 Møte om plansaker
                 Gruppeleiarmøte (fleiretalsposisijonen)
  • 19.08.:  Doktorgradsstudentar
  • 20.08.:  Hordaland på børs i regi av Bergen Næringsråd 
                 Møte CCB
                 Møte Marens hjørne 
                 Gruppeleiarmøte 
  • 21.08.:  Presentasjon av Kommunal- og distriktsdepartementet
  • 22.08.:  Styremøte KS – Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 23.08.:  To vigslar