Henrik Eliah Talge Algrøy helsar på rektor Cecile Mikkelsen Dahl.Inklusive elevane frå tidlegare Skålevik skule er det frå skulestart 330 elevar på Ulveset skule. Talet vil auka til om lag 360 elevar når 6. og 7. trinn på tidlegare Skålevik skule flyttar til Ulveset frå Ågotnes skule. Dette skjer når nye brakker er på plass i løpet av hausten. Staben vil etter kvarta auka til 52.
Ordføraren sa til elevane, foreldra og dei tilsette i gymnastikksalen at dette er ein fantastisk dag.
- Eg hugsar at eg hadde sommarfuglar i magen den første skuledagen. De vil få det kjempegøy på skulen, sa Tom Georg Indrevik.
Kontaktlærar Alise Landro møtte elevane i klasse 1 a. Med seg hadde ho fagarbeidar Turid Foldnes. I klasse 1b er Renathe Alvheim Hirzel kontaktlærar og Kari Olaug Skålevik fagarbeidar.I klasserommet til 1a er det kontaktlærar Alise Landro som har ordet.
- Eg har øvd på å læra namna dykkar. Så får vi hjelpa kvarandre til å læra alle namna, sa ho til dei forventningsfulle elevane.
Ho lærte dei ein viktig hugseregel allereie første dagen.
- Ein, to tre lyttestilling. Hendene på låret – skru på øyrene.
Ho stilte spørsmål om kva dei likar og fekk svar frå alle elevane.
- Eg likar å hoppa på trampoline. Eg likar å spela, eg likar Nugatti, eg elskar å hoppa og eg likar å spela fotball, fortalde elevane.
Ordførar Tom Georg Indrevik og rektor Cecilie Mikkelsen DahlI fjor gjekk det 229 elevar på Ulveset skule. Med etter kvart 100 elevar elevar på tidlegare Skålevik skule er kapasiteten fullt utnytta og vel så det. Fram til brakkene kjem på plass, får 7. trinn (Ulveset-elevar) undervisninga i lokala til nyleg nedlagde Ulveset barnehage.
I løpet av sommaren er det gjennomført ei oppgradering av Ulveset skule. Det er skifta kledning, vindauge og fjerna rust på overbygg. Nokre klasserom er nymåla, og golvet i gymnastikksalen er slipt. Om kort tid er arbeidet med å rusta opp skulen ferdig.
For rektor Cecilie Mikkelsen Dahl og dei andre medarbeidarane har det vore travle dagar.
- Vi starta arbeidet med omstillinga før ferien, og det har vore hektisk dei tre planleggingsdagane denne veka. Alle dei tilsette har vore positivt innstilte på dette, og eg opplever at prosessen har vore god. Vi er innstilte på at det skal vera slik nokre år, seier ho.
Totalt er det registrert 4 792 elevar på dei kommunale skulane for skuleåret 2025/2026. I tillegg kjem elevane på Danielsen barne- og ungdomsskule.
Tekst og foto: Vigleik Brekke