Kraftig auke i førehandsrøystinga første veka

Fredag ettermiddag klokka 16 var det registrert 2 098 førehandsrøyster i Øygarden. Dette inkluderer 123 røyster til andre kommunar.

Karen og Eirik Liland er blant dei mange som har nytta seg av tilbodet om å røysta på førehand. - Klikk for stort bileteKaren og Eirik Liland er blant dei mange som har nytta seg av tilbodet om å røysta på førehand.

Ved sametings- og stortingsvalet for fire år sidan (2021) var det registrert 1 046 røyster (inklusive 48 røyster til andre kommunar) etter dei fem første røystedagane. Tala viser at det i løpet av fem dagar (måndag til fredag) denne veka vart avlagt neste dobbelt så mange røyster som dei fem første røystedagane for fire år sidan.

Ved valet i 2021 var det rekordmange som røysta på førehand på grunn av pandemien. 

Karen og Eirik Liland frå Telavåg var to av dei som fann vegen til røystelokalet i Sund på onsdag. 

- Vi gjorde dette også ved valet for to år sidan. No har vi fått gjort det igjen. Vi reiser gjerne på tur på valdagen, og no vert vi ikkje så «låst» som vi ville vore om vi skulle venta til valdagen. Vi har bestemt oss, seier dei.

Valmedarbeidarane som var på plass på innbyggartorget og biblioteket på Sund Senter onsdag; (frå venstre) Kenneth Arneberg Johannessen, Britt Tove Skaga og Stine Sanden. - Klikk for stort bileteValmedarbeidarane som var på plass på innbyggartorget og biblioteket på Sund Senter onsdag; (frå venstre) Kenneth Arneberg Johannessen, Britt Tove Skaga og Stine Sanden.

Dei seier ikkje noko om kva dei røysta på.

- Ingen parti har eit program vi fullt ut kan slutta oss til. Det er ikkje noko parti som er heilt komplett slik sett. Eg kunne tenkt med og røysta litt på kvart parti, ler Eirik.

- Er det ei plikt å røysta?

- Eg kjenner jo litt på det. Dersom vi ikkje røystar kan vi ikkje vera «sure» etter valnatta, seier Eirik.

Les meir om førehandsrøysting her.


Tekst og foto: Vigleik  Brekke