- Dette var gjort på ein augneblink
Det var fort gjort for Ragnvald Andreas Hovden å røysta til stortings- og sametingsvalet på den første dagen for førehandsrøysting.
- Eg har bestemt meg for lenge sidan, seier han.
Ragnvald Andreas Hovden sleppte røystesetelen i valurna på innbyggartorget og biblioteket på Rong.Klokka 10 opna dørene på innbyggartorga i Skogsskiftet (Sund Senter), bibliotekshagen (Sartor Storsenter) og på Rong Senter. I perioden 11. august til og med fredag 5. september er det mogleg å røysta på førehand til stortings- og sametingsvalet.
- Det stod folk utanfor døra allereie klokka 10. Etter litt tekniske utfordringar heilt i starten, har det gått fint. Det har kome folk jamt og trutt for å røysta, seier medarbeidar på innbyggartorget og biblioteket på Rong, Astrid Rustad.
Astrid Rustad (til venstre) og Vilde Blom Watnedal tok imot veljarane og rettleia dei om korleis dei skulle gå fram.Ragnvald Andreas Hovden er på reise på sjølve valdagen. Han er glad for at røystinga kan ordnast raskt og effektivt. Han møtte opp på innbyggartorget og biblioteket på Rong måndag føremiddag.
- Det er kjempeflott at vi kan gjera det på denne måten. Eg har vore ein stabil veljar og har allereie avgjort kven eg skal røysta på, seier han.
Alle røysteføre vil få informasjon (ikkje valkort) om kvar dei kan røysta, anten via digital postkasse eller på papir dersom dei ikkje har digital postkasse.
Roald Svellingen var mellom dei som røysta i dag.Les meir om førehandsrøysting her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 11.08.2025 13.49