10 nye adressenamn

Øygarden kommune, delegert til namnemynde ved eining arealforvaltning, vedtok 12.08.2025 i sak 985/25, 10 nye adressenamn.

Kunngjeringsdato: 13.08.2025
Merknadsfrist: 03.09.2025
Saksnummer: 24/15124

Nye adressenamn

  • Sauholmen
  • Ånesvika
  • Duøyna
  • Rambogen
  • Veten
  • Austre Foldnesmarka
  • Tibben
  • Ågotneskroken
  • Kjøpmannsvågen
  • Ingjerbrekka

Vedtak

Vedtak kan påklagast av dei som etter Stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. Stadnamnlova § 12 – Klage:

  1. eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1tredje ledd
  2. eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
  3. ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Dokument

Klage

Eventuell klage kan sendast til kommunen:

Vis til saksnummer 24/15124. Frist for å koma med klage er sett til: 03.09.2025.

Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klagen skal grunngjevast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32.

Klageretten begrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.

Saksbehandling

Kommunen saksbehandlar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg.