Støypte to bruer

Denne veka er det støypt to bruer som ein del av Sotrasambandet. Dette er andre og siste del av den nye sykkelbrua over riksveg 555 ved Stekervika og ny bru på Bildøyna.

Sykkelbrua ved Stekervika Sotra Link

Støypinga har ikkje fått innverknad på trafikken i arbeidsperioden.

Gang- og sykkelbrua er totalt 123 meter lang og 5,2 meter brei. Dette vert den nest lengste brua på land i prosjektet. Brua har totalt 6 kablar. Kvar kabel består av 15 ståltrådar.

På tysdag vart det støypt ny bru på Bildøyna. Brua er 58,65 meter lang og 8 meter brei, og vert ein del av nye Bildøyna rundkjøring.