Frå venstre; Maylen Sunde, Colin Nymark og Synnøve Træen Hovden.Maylen, Colin og Synnøve har saman med dei fleste andre som deltok på samlinga på måndag, gjennomført to år på den vidaregåande skulen.
No ventar to år med praksis og eit reelt møte med arbeidslivet. Lærebedrifta (dei aktuelle einingane i Øygarden kommune) skal i samarbeid med lærlingordninga i Øygarden kommune syta for at lærlingen får den opplæringa som er nødvendig og at lærlingen når dei fastsette måla.
- Eg er spent
Synnøve Træen Hovden tar helsefagarbeidarfaget og bur på Søre Sæle. Ho vil få ganske kort veg til arbeidsplassen sin på Tednebakkane omsorgssenter.
- Eg har allereie hatt to veker praksis der då eg gjekk andreåret på Sotra vidaregåande skule. Eg er jo spent, men trur eg kan vera til hjelp. Eg veit eg vil få vera med på mykje forskjellig. Då eg var i praksis på Tednebakkane omsorgssenter fekk eg god tid til å snakka med bebuarane, seier Synnøve.
Øygarden har fått 43 nye lærlingar denne hausten. Her står dei saman med kommunalsjef for Organisasjon og beredskap Anne-Merete Vabø Haugane (i midten bakerste rekkje), Britt Helen Kålås til venstre (fagleg leiar) og Berit Gurine Algrøy til høgre (fagleg leiar)Maylen Sunde frå Bjorøyna har gått på Olsvikåsen vidaregåande skule og tek barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho har hatt to veker praksis på Bjorøy skule i 1. klasse og likte seg godt der.
- Eg er litt lei av tradisjonell skule og trengte noko nytt. Det var kjekt å få hjelpa elevane med norsk og matematikk og vera med på aktivitetar i friminutta, seier ho.
Colin Nymark frå Eide har gått på Sotra vidaregåande skule og skal ta barne- og ungdomsarbeidarfaget med praksis på Ågotnes skule.
- Eg ønskjer å koma ut i arbeidslivet og verta sjølvstendig. Eg har fått tips om at dette faget passar ferdigheitene mine. Eg likar å jobba med folk, og eg er klar for å visa kva eg kan bidra med, seier Colin.
Vi spurde dei tre om dei opplevde at leiinga i Øygarden kom med harde krav til lærlingane på den første dagen.
- Nei, vi er innstilte på at kommunen stiller krav til oss som medarbeidarar, seier dei tre.
Helsefagarbeidarfaget- Gjer meg stolt
Det var Berit Gurine Algrøy som ønskte lærlingane velkomen til samlinga på Rong kulturhus.
- Gjer meg stolt, sa ho og viste til eit sitat som gjekk igjen på TV-serien Kompani Lauritzen.
Ho oppmoda lærlingane til å setja gode spor etter seg i kommunen. Det vil gje deg høve til å få jobb etter læretida, sa ho.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen ønskte også lærlingane velkomne til Øygarden.
- Eg håpar de får ei fin tid i kommunen. De er svært viktige for Øygarden. No vert de rekna som ein del av staben på arbeidsplassen. Dei rundt deg treng smilet ditt og hugs å møta opp presist på jobb. Det er viktig å fullføra lærlingtida, sa varaordføraren.
Barne- og ungdomsleiarfaget- Velkomen på laget!
Kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane, sa at lærlingane no i større grad vil få ansvar for seg sjølv. Ho viste også til leiingskompasset i Øygarden kommune som handlar om å vera stolt, på lag, modig og med glød.
- I arbeidslivet er vi vanlegvis på lag. Velkomen på laget!
Ho gav innføring i korleis kommunen er organisert politisk og administrativt. Som medarbeidar er det viktig å nytta intranett og Compilo som er kvalitetssystemet til Øygarden.
Øygarden kommune har også konkretisert korleis «vi gjer det». Det handlar mellom anna om å vera tilgjengeleg for å hjelpa kollegaene våre, ta innbyggjarane på alvor og hjelpa dei som tek kontakt.
- Øygarden er i omstillingsfase. Vi har i overkant av tre milliardar kroner til disposisjon kvart år, Desse pengane skal brukast godt og effektivt. Då er det viktig med nærvær (møt på jobb!), bruk partsarbeidet og ver med og skap ein utviklingskultur. Vi treng fagarbeidarar som tek plassen som fagarbeidar, sa kommunalsjefen.
IT-driftsfaget, brannførebyggjarfaget og byggdriftarfaget.
Tekst og foto: Vigleik Brekke