Kven fortener kulturprisen for Vestland 2025?

Dette året vert det for første gong delt ut ein kulturpris for Vestland fylkeskommune. Du kan vera med og avgjera kven som skal få prisen.

Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Prisen er på 50 000 kr og skal gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein heilt spesiell innsats for kunst og kultur i fylket.

Kandidaten må:

  • ha vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet i fylket, og bidrege til å visa fram Vestland som ein leiande kulturregion
  • visa kulturinnsats utover det vanlege, som har hatt betydning for heile eller ein større del av fylket
  • visa kreativitet og evne til nyskaping – og/eller ha gjort ein særleg innsats for å ivareta og formidla kulturarven


Fristen for å nominera kandidatar til den nye prisen er 15. september. Alle som vil, kan enkelt føreslå kandidatar til kulturprisen på nettsida til Vestland fylkeskommune. Alle nominasjonar må grunngjevast. Det er ikkje mogleg å nominera seg sjølv.  

Les meir på nettsida til Vestland fylkeskommune.