Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 08.

Skal ta imot 100 flyktningar første halvår

Kommunestyret vedtok torsdag at Øygarden kommune skal busetja inntil 100 flyktningar fram til 1. juli, der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år, og dei andre som einslege vaksne eller familiar. Mindretalet røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om busetja inntil 200 flyktningar.
Les meir. 

- Eg er redd for familien

Ukrainske Iryna Bila (20) bur saman med søstera si på 16 år på Straume. I dag (23. februar) møtte ho og to andre fordrivne frå Ukraina ordføraren til lunsj på rådhuset. I morgon, 24. februar, har Ukraina vore i full krig med Russland i to år.
Les meir. 

Stor interesse for møte om kjernekraft

Rundt 120 personar møtte opp på informasjonsmøtet om kjernekraft i kultursalen på Øygarden rådhus tysdag kveld. Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over stor interesse og engasjement. Indrevik seier at det er positivt at så mange møter opp for å få kunnskap om noko som vi må ta stilling til i framtida.
Les meir.

Mange innspel til handlingsplan for ungdomsrådet

Ungdomspolitikarane hadde ei rekkje forslag til handlingsplanen for ungdomsrådet 2024-2025 då dette var ei av sakene på møtet tysdag. I planen ligg det allereie inne fleire arbeidsområde for ungdomsrådet.
Les meir.

- Berre det ikkje går ut over leksene

Ingvard Svellingen var stolt over det han fekk sjå av oldebarnet Lilly Kleppestø og dei andre elevane på Øygarden ungdomsskule då dei hadde generalprøve på musikalen Brylkrem måndag ettermiddag. Men i ein vennskapleg tone minna han om at dei ikkje må slurva med lekselesinga. For første gong fekk bebuarar på Tednebakkane omsorgssenter på Rong vera med på ein generalprøve på denne måten.
Les meir.

Høgaste vekst i folketalet sidan kommunesamanslåinga

I løpet av 2023 auka folketalet med 400 personar, i følgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ved utgangen av 2023 budde det 39 768 personar i Øygarden kommune.
Les meir.

Markerte mangfaldet på Ågotnes skule

Onsdag denne veka markerte Ågotnes skule den internasjonale morsmålsdagen. Om lang 25 nasjonalitetar er representerte på denne skulen.
- Vi reiser til Polen i påskehelga eller i sommarferien, seier Leon. Leon og Jakob er begge frå Polen og går i andre klasse på Ågotnes skule. Dei er stolte av bakgrunnen sin sjølv om dei har budd i Noreg sidan fødselen. Dei snakkar ein del polsk heime.
Les meir.

Kunne fylt ein klasse med TAF-elevar

Tidlegare TAF-elev Marianne Garlid Johannessen (23) snakka varmt om det fireårige studieløpet som gir både fagbrev og studiekompetanse. Men som ein må pendla til Knarvik for å gå.
- Det er langt å reisa til Knarvik. Eg er sikker på at vi kunne fylt ein TAF-klasse på Sotra vidaregåande skule.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (08)

•    19.02.:  Fri
•    20.02.:  Møte 0m ny vid skole
                  Møte med VIS
                  Statusmøte med Sotra Sambandet
                  Ope møte om kjernekraft
•    21.02.:  Styringsmøte Miljøløftet
                   Statusmøte med Vestland fylke
                   Styremøte i GCE Ocean
                   Teams-møte om arealpolitikk
•    22.02.:   Formannskapsmøte
                   Kommunestyremøte
•     23.02.:  AU-Høgre – digitalt
                   NPK-info fra Offshore Norge

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (08)

•    19.02.:  Administrasjonsutvalet
                  Gruppemøte
•    20.02.:  Styremøte KS fylket (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
                  Dialogmøte Sotrasambandet
                  Museum vest
                  Kva er moderne kjernekraft
                  Gruppemøte
•    21.02.:  Styringsgruppa Miljøløftet
                  Strategisk dialogmøte med VLFK
                  Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
•    22.02.:   Formannskap
                   Kommunestyret
•    23.02.:  Eldrerådet

Ordføraren neste veke (09)

•    26.02.:  Interne møte 
                  Lunsj om ny samarbeidsavtale idretts- og kulturområdet
                  Møte med Mental helse ungdom 
•    27.02.:  KS – Hovudstyremøte Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
•    28.02.:  Styremøte med Naturressurskommunane
                  Møte med Equinor
                  Opplæring av leiarane og nestleiarane i råda
•    29.01.:  Nasjonalt møte om inntektssystemet ( Høyre – Teams)
                  Status for fjernvarme Ågotnes
•    01.03.:  Ikkje på kontoret

Varaordføraren neste veke (09)

  • 26.02.:  Interne møte
                Møte med Mental helse ungdom
  • 28.02.:  Møte med Equinor
  • 02.03.-03.03.:  Fylkesårsmøte i Hordaland mållag, Ullensvang