Stor interesse for møte om kjernekraft

Rundt 120 personar møtte opp på informasjonsmøtet om kjernekraft i kultursalen på Øygarden rådhus tysdag kveld. Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over stor interesse og engasjement.

Det var stor interesse for kjernekraftmøtet. - Klikk for stort bileteFrå møtet om kjernekraft tysdag kveld.

Indrevik seier at det er positivt at så mange møter opp for å få kunnskap om noko som vi må ta stilling til i framtida.

- Det vart stilt gode spørsmål om kva utfordringar og moglegheiter kjernekraft gjev oss, seier ordføraren.

Administrerande direktør i Norsk Kjernekraft AS, Jonny Hesthammer, presenterte selskapet og snakka om korleis ein kan etablera små modulære kjernekraftverk (SMR) i samarbeid med kraftkrevjande industri. Han meiner at kjernekraft kan bidra positivt i Øygarden til auka forsyningstryggleik, reduserte systemkostnader og reduserte naturinngrep. 
Han viste mellom anna til Vitskapspanelet til EU og ein FN-rapport (UNECE).

- Dersom vi stolar på det vitskapen seier, er vi trygg. Kjernekraft kjem best ut når det gjeld klimabelastning. Vi vil læra meir om vi utgreier dette, sa Hesthammer og refererte til ei undersøking som viste at folk flest ønskjer vasskraft og kjernekraft, men at det også er nødvendig med vind- og solkraft.

Jonny Hesthammer, Norsk Kjernekraft AS - Klikk for stort bileteJonny Hesthammer, Norsk Kjernekraft AS

Behov for meir energi

Professor Jan-Petter Hansen frå institutt for fysikk og teknologi på Universitetet i Bergen tok utgangspunkt i at framtida krev auka produksjon av elektrisk straum frå kjelder som har så låge CO2-utslepp at dei vert rekna for «utsleppsfrie».

Han meinte at det er nødvendig med ein klar langsiktig politisk plan for å sikra framtidig energibehov. Med kraftig befolkningsvekst er det nødvendig med meir energi. Han var også tydeleg på at det kan skje ulukker med kjernekraft. 
 

Han har stor forståing for dei som er skeptiske på grunn av militær uro.

- Det har skjedd ulukker, og vi må vera førebudde på at det kan skje igjen, sa han og viste til risikoen med «militære koplingar».

Han meiner likevel at løysinga framover er ein energimiks samansett av vind, vatn og kjernekraft.

Fleire av dei som møtte opp i kultursalen hadde innlegg og spørsmål. Det handla mellom anna om økonomi, auka behov for energi i regionen, strålingsfare, utgreiing av kjernekraft, utfordringar med lagring av avfall, oppfølging frå sentrale styresmakter og lokale fordelar og ulemper med kjernekraft.

Professor Jan-Petter Hansen - Klikk for stort bileteProfessor Jan-Petter Hansen

Oppfølging i Øygarden

Formannskapet i Øygarden vedtok den 7. februar at spørsmålet om kjernekraft må sjåast i samanheng med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen. Saka vert difor vidare vurdert og følgd opp av kommuneplanutvalet

I vedtaket heter det vidare at kjernekraft i framtida kan bli eit viktig supplement i energiforsyninga både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det må avklarast nærare kva for konsekvensar kjernekraft kan ha på nasjonalt nivå, både når det gjeld økonomisk lønnsemd og risiko, og at det per i dag ikkje er aktuelt å testa ut konkrete prosjekt for kjernekraft i Øygarden.

Her er presentasjonen til Jonny Hesthammer. (PDF, 3 MB)

Her kan du lesa presentasjonen til Jan-Petter Hansen. (PDF, 985 kB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke