Markerte mangfaldet på Ågotnes skule

Onsdag denne veka markerte Ågotnes skule den internasjonale morsmålsdagen. Om lang 25 nasjonalitetar er representerte på denne skulen.
- Vi reiser til Polen i påskehelga eller i sommarferien, seier Leon.
 
Leon og Jakob viser fram ein plakat med døme på polske uttrykk. - Klikk for stort bileteLeon og Jakob viser fram ein plakat med døme på polske uttrykk.

Leon og Jakob er begge frå Polen og går i andre klasse på Ågotnes skule. Dei er stolte av bakgrunnen sin sjølv om dei har budd i Noreg sidan fødselen. Dei snakkar ein del polsk heime.

- Eg likar mattematikk, gymnastikk, bading og friminutt. Eg er glad i kattar. Vi har katt heime, og også ein ven vi besøkjer i Polen har katt, seier Leon som likar fotball og spelar for eit lokalt fotballag i fritida. Også Jakob likar badetimane på skulen.

Synleggjer mangfaldet

Administrativ pedagog på Ågotnes skule, Stine Mari Brynestad Våge seier at skulen prioriterer markering av morsmålsdagen. Mange med utanlandsk bakgrunn kjem frå Midtausten, Afrika, Polen og Litauen. 

- Tanken bak markeringa er å synleggjera at mangfaldet er ein viktig del av identiteten vår. Vi tar fram flagg og kart over landa. Foreldra har respondert svært godt på markeringa og bidreg med falafel, svenske kjøttbollar og mykje anna. Dei er stolte av bakgrunnen sin, seier Brynestad Våge.

Morsmålsdagen vart markert på ulike måtar. I nokre klassar har det vore språkkafé. Her har foreldre bidrege med mat. Elevane har teikna kart og flagg og laga til plakatar der alle som vil kan få prøva seg med korte setningar på ei rekkje språk.

Den internasjonale morsmålsdagen vert markert kvart år den 21. februar over heile verda. Dagen vert markert for å fremja språkleg og kulturelt mangfald. Les meir her. (ekstern lenkje).

Her er fleire bilete:

Frå markeringa av morsmålsdagen - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Stine Mari Brynestad Våge og Vigleik Brekke