Mange innspel til handlingsplan for ungdomsrådet

Ungdomspolitikarane hadde ei rekkje forslag til handlingsplanen for ungdomsrådet 2024-2025 då dette var ei av sakene på møtet tysdag.

Frå møtet i ungdomsrådet 20. februar - Klikk for stort bileteFrå møtet i ungdomsrådet 20. februar

I planen ligg det allereie inne fleire arbeidsområde for ungdomsrådet. Dette er faste saker/tema som seminar/kurs/opplæring, møteplan, årsbudsjett og økonomiplan, årsmeldingar og rapportar, store reguleringsplanar, andre planar, tilskot til ungdomsaktivitetar og kommunal heiderspris.

På møtet vart det vedteke å leggja inn fleire punkt i handlingsplanen. 

Dette er:

  • Tilretteleggja for dei som ikkje har råd til å delta på fritidsaktivitetar.
  • Utvikla tenesta med utstyrsbibliotek (BUA) og å leggja til rette for liknande ordningar.
  • Etablera fleire og betre møteplassar for ungdom.
  • Kommunen må ha fokus på berekraft utan at næringsutviklinga vert hindra.
  • Arbeida for fleire sommarjobbar for ungdom.
  • Arbeida for at ungdom kjem lettare inn i arbeidslivet. Dette gjeld mellom anna som lærling, 
      praksisplassar både i ungdomsskulen og elevar på vidaregåande trinn.
  • Utdanningsvaltimane på ungdomskulen må verta meir retta mot arbeidslivet og utdanninga.
  • Kollektivtilbodet må styrkjast, særleg i distrikta.
  • Arbeida for gratis skulefrukost på alle ungdomsskulane.
  • -ngdomsrådet skal promotera seg sjølv i sosiale medium og tradisjonelle medium og få ut kva 
      ungdom meiner om saker og ting.
  • Besøka alle ungdomsskulane og gje informasjon om aktuelle prosjekt.

Støttar justering av krinsgrensene for Knappskog og Kolltveit skule

Ungdomsrådet tilrår overfor kommunestyret at Blommenfeltet frå og med skuleåret 2024/2025 vert lagt til skulekrinsen til Kolltveit skule. Elevane som bur her og skal ta til i 1. klasse, skriv seg inn på Kolltveit skule. Elevar som bur i Blommenfeltet, og som allereie går på Knappskog skule, beheld plassen sin der, kan søkja om skulebyte til Kolltveit skule og vil få søknaden innvilga.

Representasjon på fylkestinget

Ungdomsrådet valde Alva Betine Kilvik og Trym Elias Lie foreslo til å representera Øygarden ungdomsråd under fylkestinget for ungdom 2024. Fylkestinget vert arrangert 5. – 7. april i Bergen.

Tilrår årsmelding

Ungdomsrådet tilrår årsmeldinga for ungdommens kommunestyre 2023 slik ho låg føre. Formålet med årsmeldinga er å synleggjera møteverksemd og medverknad i saker som gjeld ungdom.

Mot til å glede prisen

Ungdomsrådet tilrår kandidat til Mot til å glede-prisen. Namnet på denne vert ikkje gjort offentleg før prisen skal delast ut.

Orientering

Det vart gjeve informasjon om tilsyn etter folkehelselova 2024.


Tekst og foto: Vigleik Brekke