- Berre det ikkje går ut over leksene

Ingvard Svellingen var stolt over det han fekk sjå av oldebarnet Lilly Kleppestø og dei andre elevane på Øygarden ungdomsskule då dei hadde generalprøve på musikalen Brylkrem måndag ettermiddag. Men i ein vennskapleg tone minna han om at dei ikkje må slurva med lekselesinga.

Lilly Kleppestø fekk gje ein god klem til oldefar Ingvard Svellingen i ein pause på generalprøven. - Klikk for stort bileteLilly Kleppestø fekk gje ein god klem til oldefar Ingvard Svellingen i ein pause på generalprøven.

For første gong fekk bebuarar på Tednebakkane omsorgssenter på Rong vera med på ein generalprøve på denne måten. Turen til ungdomsskulen eit steinkast unna måndag ettermiddag var eit tiltak knytt til faget «Innsats for andre».

Musikalen byggjer på den kjende amerikanske musikalen Grease frå slutten av 1970-talet. Dei som tek turen til Øygarden ungdomsskule får vera med på eit forrykande show med song, dans, drama og kjærleik. Det vert framsyning fire kveldar, tysdag til fredag kvar kveld klokka 18.30. Billettar kan tingast på tlf. 56 38 77 25.

Ergoterapeut Alyce Levik og elevane i «Innsats for eldre» hadde teke med seg seks bebuarar opp på ungdomsskulen denne ettermiddagen. For Ingvard var det naturlegvis spesielt å sjå at oldebarnet Lilly hadde sentrale roller i musikalen.

- Det er første gongen eg er med på dette. Eg har ikkje så mykje greie på kva dei steller med på skulen no. Det er jo bra at dei får prøva seg på scena, men dette må ikkje gå ut over leksene. Som elev i skulen måtte me læra mykje utanåt, minnar Ingvard Svellingen om.

Mange aktørar er med på musikalen. - Klikk for stort bileteMange aktørar er med på musikalen.

Imponerte dei eldre

Også Jakob Alvheim (84) likte det han fekk oppleva denne ettermiddagen.

- Dei var svært flinke. Dei meistra både song og dans. Her var det både futt og fart. Eg fekk ikkje nokon sjanse til å ta nokon lur her, seier Jakob.

- Eg er svært glad i skodespel. Dei var veldig gode skodespelarar, seier Marie Knutsen. 

To bebuarar - Klikk for stort bilete- Eg likar skodespel, seier Marie Knutsen (til høgre).

Karin Bøe-Hansen er lærar i valfaget «Innsats for andre» der elevane på 9. og 10 trinn har to timar kvar veke. Totalt 14 elevar i dette faget er knytt til Tednebakkane omsorgssenter. Elevane legg til rette for ei rekkje aktivitetar for dei eldre.

- Dette er eit praktisk reflekterande fag som er ettertrakta, og det er populært å vera med på aktivitetane på sjukeheimen. Gjennom dette faget bidreg ein til ung til eldre-kontakt som skapar band mellom unge og eldre. Elevane er utruleg dyktige, seier Bøe-Hansen.

Andreas Nordvik Oliversen går i klasse 9m1 og hjelper til med to aktivitetstimar på Tednebakkane omsorgssenter kvar veke.

- Vi har mellom anna ei sykkelgruppe der bebuarane får sykla og sjå løyper på ein storskjerm frå ulike stader i verda, men også lokalt her i Øygarden der dei kjenner seg igjen. Eg likar å ha med menneske å gjera og har vore innom tanken å ta utdanning innan helse, seier Andreas.

Elevar frå valfaget "Innsats for eldre". Frå venstre; Helene Sæle, Karoline Solbakk, Synniva Lovise Fjeldstad og Andreas Nordvik Oliversen. - Klikk for stort bileteElevar frå valfaget "Innsats for eldre". Frå venstre; Helene Sæle, Karoline Solbakk, Synniva Lovise Fjeldstad og Andreas Nordvik Oliversen.

 



Tekst og bilete: Vigleik Brekke