Skal ta imot 100 flyktningar første halvår

Kommunestyret vedtok torsdag at Øygarden kommune skal busetja inntil 100 flyktningar fram til 1. juli, der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år, og dei andre som einslege vaksne eller familiar. Mindretalet røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om busetja inntil 200 flyktningar.

Ordførar Tom Georg Indrevik leia eit nesten ni timar langt møte torsdag. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik leia eit nesten ni timar langt møte torsdag.

I vedtaket heiter det at det mellombelse vedtaket i kommunestyret 21. desember, om å busetja 30 flyktningar i 2024, vert innlemma i talet på 100 busette fram til 1. juli 2024.

Øygarden kommune finn ikkje høve til å busetja einslege mindreårige flyktningar under 15 år i 2024. I tilrådinga seier formannskapet at det til møtet i juni vert lagt fram ei evaluering av det totale tenestetilbodet inkludert bustadsituasjonen. I same møte vil det også bli vurdert kor mange flyktningar kommunen kan ta imot for andre halvår. 
Kommunestyret ber vidare sentrale styresmakter å finna støtteordningar for å sikra nok og eigna bustadar. Det vert lagt fram eige budsjett i eit femårsperspektiv sett i forhold til kostnadsoverslag, slik det går fram i notat om busetjing av flyktningar i 2024. 

Vedtaket vart gjort med 33 røyster (Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre, Pensjonistpartiet, INP og Raudt).

Mindretalet røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å ta imot 200 flyktningar der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år, og dei andre er komne som einslege vaksne eller familiar. Mindretalet var samansett av Ap, SV, Sp. og MDG (12 røyster).

Raudt fekk full tilslutnad for dette tillegget: Kommunestyret ber om at det til møte i juni vert lagt fram ei evaluering av det totale tenestetilbodet og «organiseringa av tilbodet», inkludert bustadsituasjonen. I same møte vil det også bli vurdert kor mange flyktningar kommunen kan ta imot for andre halvår.

Flettar inn Skogsskiftet i handlingsprogram

Etter ein lengre debatt samla kommunestyret seg om eit fellesframlegg og vedtok samrøystes å leggja «Samla vurdering av alle prosjekt - til samordningsfunksjon v3» til grunn i saka om innspel til revidering av handlingsprogrammet til Miljøløftet.

Om Skogsskiftet ikkje når opp i revidert handlingsprogram for Miljøløftet, kjem kommunestyret tilbake til sak om mogleg bruk av kommunale investeringsmidlar for realisering av infrastrukturtiltak i Skogsskiftet. I vedtaket heiter det også at  administrasjonen skal arbeida vidare opp mot fylket i samband med RTP (Regional transportplan) for mogleg finansiering av fylkesveg 560 Skogsskiftet.

Eit framlegg frå MDG (Miljøpartiet Dei Grøne) vart fletta inn i fellesforslaget. Der heiter det at det er viktig at pilotprosjektet med samkøyring held fram, og kommunestyret ber om at finansiering av drift og vidare vekst for ordninga vert prioritert til revidering av handlingsprogrammet til Miljøløftet for perioden 2025-2028.
Øygarden kommune har ei ramme på 440 millionar kroner frå Miljøløftet (byvekstavtalen) over ein 10-årsperiode. 

Vedtok plan for Bildetangen 

Kommunestyret vedtok samrøystes områderegulering for Bildetangen SE1. Planområdet, som legg til rette for om lag tre tusen fem hundre bustadeiningar, er på vel 400 dekar og strekkjer seg frå riksveg 555 i sør til apalneset nord på Nordre Bildøyna. Områdereguleringa skal bidra til å venda regionsenteret mot sjø ved å skapa eit urbant område med levande bumilljø og arbeidsplassar og styrkjer samanhengen mellom Bildøyna og Straume sentrum. 

Det vil ta fleire tiår å utvikla området. Gjennom mekling mellom kommunen, Statsforvaltaren og Statens vegvesen har ein kome til semje om løysingar for alle motsegnene til planen.

Frå talarstolen vart det mellom anna snakka om at ein måtte ha tolmod i saka om områderegulering for Bildetangen. Peder O. Lie (reiar), Bjarne Haldorsen (dagleg leiar) og Roy-Eddy Lie (eigedomssjef) i Liegruppen var godt nøgde etter vedtaket - Klikk for stort bileteFrå talarstolen vart det snakka om at ein måtte ha tolmod i saka om områderegulering for Bildetangen. Peder O. Lie (reiar), Bjarne Haldorsen (dagleg leiar) og Roy-Eddy Lie (eigedomssjef) i Liegruppen var godt nøgde etter vedtaket.

Framtidig drift og investering

Kommunestyret tok saka «Øygarden 2040 – langsiktig driftsanalyse og investeringsplan» til etterretning og ber kommunedirektøren koma tilbake med revidert versjon av Øygarden 2040 i løpet av 2024. Kommunedirektøren skal arbeida vidare med ulike grep for å redusera investeringsnivået til kommunen. Kommunedirektøren vert beden om å arbeida vidare med omstilling av kommunen, med utgangspunkt i Øygarden 2040, og at det første halvår vert fremja sak med konkrete omstillingsprosjekt som er nødvendige å gjennomføra i denne økonomiplanperioden for å nå målsetjingane.

I saksutgreiinga går det fram at den langsiktige investeringsplanen viser at investeringsbehova er vesentleg høgare enn det investeringsramma per i dag kan handtera. Det inneber at det framover må arbeidast med tiltak for å redusera investeringsbehovet og med det skapa større handlingsrom.

Vedtok forskrift om elsparkesyklar 

Kommunestyret vedtok at det skal vera ei ramme på 325 elsparkesyklar i Øygarden. I forskrift om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn er maksgrensa for syklar i dei ulike sonene fordelt slik:

  • Straume-området    200 syklar
  • Rong-området  35 syklar
  • Ågotnes-området 50 syklar
  • Skogsskiftet-området  40 syklar


Det vert gjeve løyve til inntil to tilbydarar i inntil tre år. Tal og plassering kan vurderast på nytt etter ein prøveperiode på tre månader.

Vedtaket inneber eit tillegg om at i «område med mykje trafikk skal det setjast opp dedikerte parkeringsområde med oppmerkte grenser».  Det vert bedt om ei evalueringssak innan utgangen av 2025.

Slutta seg til planane om Framtidssamfunnet

Kommunestyret vedtok med 29 røyster å slutta seg til hovudlinjene og ambisjonane som ligg i Framtidssamfunnet, men peikar på viktigheita av politisk forankring i prosessen. I denne prosessen må det vurderast ulike organisasjonsformer, mellom anna aksjeselskap.  Framtidssamfunnet må vera pådrivar til å leggja til rette for all næring i kommunen.

- Vi treng gode vilkår for at næringslivet skal vidareutvikla seg. Kommunen og framtidssamfunnet må difor ha dette som satsingsområde nr. 1, står det i vedtaket.

Mindretalet (Ap, Sp, SV, Raudt, MDG og INP, 16 medlemer) røysta for eit alternativt framlegg. Der heiter det at kommunestyret anerkjenner problemskildringa og utfordringane som ligg i Framtidssamfunnet og peikar på kor viktig det er med god politisk forankring. Kommunestyret ber om at det vert fremja sak om endeleg organisering. I sak om endeleg organisering skal ulike organisasjonsformer vurderast, inkludert oppretting av eiga næringsavdeling. I dette framlegget ber ein om at det vert vurdert korleis ein kan samarbeida tettar med VNR om oppgåver som dei gjennom nettverka sine kan utføra. 

I saksutgreiinga går det fram at Framtidssamfunnet skal næringslivet, akademia, det offentlege og det frivillige samarbeida om å finna nye innovative løysingar på morgondagens behov. Her kan du lesa meir om Framtidssamfunnet.

Silje Ulveseth (Ap) og Jan Utkilen (Sotralista - TVØ) var mellom dei som tok ordet i saka om Framtidssamfunnet - Klikk for stort bileteSilje Ulveseth (Ap) og Jan Utkilen (Sotralista - TVØ) var mellom dei som tok ordet i saka om Framtidssamfunnet.

Gav klarsignal for etablering av innfartsparkering

Kommunestyret vedtok å gje kommunedirektøren fullmakt til å lysa ut anbod/byggja innfartsparkeringa med opsjon om parkeringsplass på Ågotnes, innanfor ei kostnadsramme på 7,64 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift/9,55 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Finansieringskjelde er belønningsmidlar frå Miljøløftet og momskompensasjon. 

Kommunestyret vil sjå på andre løysingar for innfartsparkeringa på Ågotnes dersom prosjektet ikkje vert finansiert av belønningsmidlar frå Miljøløftet.

Endrar organisasjonsform for Basecamp

Kommunestyret gav tilslutnad til vedtaket i styret for Basecamp om å gjera om selskapet frå foreining til ideelt aksjeselskap. Kommunedirektøren fekk fullmakt til å sluttføra forhandlingar om aksjonæravtale og vedtekter.

Fjell festning

Kommunestyret slutta seg til framlegg til uttale til vedtak i Fjell festning om å søkja om oppløysing av stiftinga. Her kan du lesa uttalen. (PDF, 87 kB)

Kommunestyret vedtok denne teksten om avviklingsstyre i tillegg til uttalen ovanfor:

Dersom Stiftelsestilsynet godkjenner oppheving av Stiftinga Fjell festning, tilrår kommunedirektøren at Stiftelsestilsynet utnemner eit avviklingsstyre med fem medlemer slik:

  • To representantar etter framlegg frå Sotra og Øygarden forsvarsforening
  • Ein representant etter framlegg frå Stiftelsestilsynet sjølv
  • To representantar etter framlegg frå Øygarden kommune: Nils Kåre Skoge, kommunestyrerepresentant i Øygarden kommune (tilråding frå valutvalet) og Cathrine Tvedt Lorentzen, jurist tilsett i Øygarden kommune
    Det bør sikrast at det både er juridisk og kulturhistorisk kompetanse i avviklingsstyret.

Justerer krinsgrensene for Knappskog og Kolltveit skule

Det vart vedteke at Blommenfeltet frå og med skuleåret 2024/2025 vert lagt til skulekrinsen til Kolltveit skule. Elevane som bur her og skal ta til i 1. klasse, skriv seg inn på Kolltveit skule. Elevar som bur i Blommenfeltet, og som allereie går på Knappskog skule, beheld plassen sin der, kan søkja om skulebyte til Kolltveit skule og vil få søknaden innvilga.

Sender framlegg til revidert alkoholpolitisk handlingsplan på høyring

Kommunestyret vedtok at alkoholpolitisk handlingsplan for Øygarden kommune 2024-2028 vert sendt ut på høyring i tre veker. Saka kjem tilbake til endeleg behandling i kommunestyret etter høyringa.

Planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027

Kommunestyret vedtok å gjera framlegg til Planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027 offentleg tilgjengeleg i 30 dagar. Kommunestyret ber administrasjonen vurdera dei føreslåtte endringane fram til endeleg behandling i mai. De føreslåtte endringane følgjer høyringa.

Andre saker

Debatthefte KS 2024 – Rom for gode tenester

Kommunestyret slutta seg til kommunedirektøren sitt framlegg til uttale i samsvar med vurderinga i saka. Alternativt forslag frå Ap fekk ikkje fleirtal. Det same gjaldt eit tilleggsforslag frå INP (Industri- og næringspartiet).

Revidert selskapsavtale for Bergen og Omland farvannsforvaltning

Framlagte forslag til revidert selskapsavtale vart vedteke.

Oppdatering av vedtekter for Øygarden bustadforvaltning KF

Kommunestyret vedtok justerte vedtekter for Øygarden bustadforvaltning i samsvar med forslag i saka.

Reglement for tre råd

Kommunestyret slutta seg til forslaget frå kommunedirektøren til vedtekter for råd for personar med funksjonsnedsetjing og eldrerådet. For ungdomsrådet vedtok kommunestyret framlegg til vedtekter med endringar føreslått av ungdomsrådet.

Val

Det vart gjort val av representantar til fleire styre. 

Her kan du sjå kommunestyremøtet i opptak.

Her er innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke