Presenterte Framtidssamfunnet - Vi må løysa framtidsutfordringane saman

På Øygardskonferansen på fredag presenterte kommunedirektør Johnny Breivik planane om ein ny felles arena. Med Framtidssamfunnet skal næringslivet, akademia, det offentlege og det frivillige samarbeida om å finna nye innovative løysingar på morgondagens behov.

Leiar i Øygarden næringsutvikling Hanne Misje Lokøy og kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteDagleg leiar i Øygarden næringsutvikling Hanne Misje Lokøy og kommunedirektør Johnny Breivik orienterte om korleis Framtidssamfunnet skal verta ein arena for innovasjon.

- Framtidssamfunnet skal gje ein meirverdi langt utover Øygarden kommune. Kommunen må ta samfunnsutviklarrolla på alvor. Det kan vi gjera ved å vera fasilitator og leggja til rette for næringsutvikling og innovasjon saman med dei andre samfunnsaktørane, seier kommunedirektøren.

Han meiner at Øygarden både som samfunn og kommuneorganisasjon har gode føresetnadar for å vera i førarsetet når det gjeld nye og innovative løysingar innanfor fleire område.

I ein oppstartsfase vil ein fokusera på følgande område, med mål om å utvikla nye, samskapte og innovative løysingar: 

  • Utvikla framtidsretta velferdsteneste
  • Prøva ut innovative mobilitetsløysingar
  • Framskunda det grøne skifte    
  • Auka maritim og marin eksport
  • Framtidig kompetanse  
     
Ill. Framtidssamfunnet - Klikk for stort bilete

Målet er at Framtidssamfunnet skal gje meirverdi utover berre Øygarden kommune. Både Framtidssamfunnet som arena, og dei konkrete løysingane som kjem fram, kan ha nytte både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.  

- Øygarden som både samfunn og kommuneorganisasjon har gode føresetnadar for å vera i førarsetet når det gjeld nye og innovative løysingar innanfor fleire område, seier Johnny Breivik.

Øygarden kommune har nytta partnarskapsavtalen med SINTEF for å få utarbeidd ein rapport som inneheld tilrådingar knytt til framtidig organisering av Framtidssamfunnet. 

Inviterer til medlemskap

For å sikra Framtidssamfunnet som ein open, tillitsvekkande og inviterande arena, er det eit viktig prinsipp at alle kan vera medlem i Framtidssamfunnet på mest mogleg like vilkår. Det vil likevel vera nokre aktørar som har ein tydelegare rolle, særleg i oppstartsfasen.

Framtidssamfunnet skal vera ein arena for å fasilitera løysingar på morgondagens utfordringar. Framtidssamfunnet skal vera ein inkubator for å kopla idear, kompetanse og aktørar og slik sett få prosjekt og initiativ i gang.  

Oppgåver

Sentrale oppgåver for Framtidssamfunnet som organisasjon vil vera å sikra ein god arena for diskusjon, og å vera ein fasilitator og pådrivar for prosjekt og aktivitetar. Det kan til dømes innebera: 

  • Kopling av initiativ, mobilisering og skapa handling 
  • Ha tett kontakt med sentrale deltakarar, både offentlege og private 
  • Bygga relasjonar og vidareutvikla nettverket i Framtidssamfunnet 
  • Gjennomføra konferansar og skapa møteplassar for drøftingar 
  • Sikra verdiar som openheit og tillit i Framtidssamfunnet 


Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen og det offentlege ikkje klarer å løysa framtidas utfordringsbilete åleine. 

- Det har vi korkje økonomiske eller menneskeleg ressursar til å klara. Kommunestorleik, kompleksitet passar godt som laboratorium. Vi har utfordringsbilete som både by og bygd kan kjenna seg att i og som ligg tett på Bergen sentrum. Kommunen er elles av ein slik storleik at vi kan ta avgjerder raskt. Vi har også eit ambisiøst og innovativt næringsliv, seier han.  

Det skal ikkje byggast ein stor eigen organisasjon, men ein god arena for kopling av folk, initiativ og etter kvart prosjekt og løysingar for uttesting. Det stiller store krav til kompetanse og forståing av eiga rolle.  Difor er det lagt opp til ein stab avgrensa til eín til to personar. I framlegget til budsjett og økonomiplan er det sett av eín million kroner i åra 2024 til 2027.


Tekst og foto: Vigleik Brekke
Ill.: Monica Hovland