– Kunne fylt ein klasse med TAF-elevar

Tidlegare TAF-elev Marianne Garlid Johannessen (23) snakka varmt om det fireårige studieløpet som gir både fagbrev og studiekompetanse. Men som ein må pendla til Knarvik for å gå.

Marianne Garlid Johannessen vart intervjua av kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd, Anders Ekanger. - Klikk for stort bileteMarianne Garlid Johannessen vart intervjua av kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd, Anders Ekanger.

– Det er langt å reisa til Knarvik. Eg er sikker på at vi kunne fylt ein TAF-klasse på Sotra vidaregåande skule. Med dette tilbodet kan vi koma oss inn i arbeidslivet og samstundes få studiekompetanse, sa ho til dei vel femti frammøte på Vest Næringsråd sitt kompetanseseminar sist veke.

TAF eller YSK-modellen som den no heiter, er eit vidaregåande-løp som kombinerer arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei to første åra har elevane status som nettopp elev, dei to siste er dei lærling med lærekontrakt.

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.