- Eg er redd for familien

Ukrainske Iryna Bila (20) bur saman med søstera si på 16 år på Straume. I dag (23. februar) møtte ho og to andre fordrivne frå Ukraina ordføraren til lunsj på rådhuset. I morgon, 24. februar, har Ukraina vore i full krig med Russland i to år. 
- Vi ønskjer å møta enkeltmenneske og få kjennskap til enkelthistorier, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå venstre; Nataliia Dereviariko, Tom Georg Indrevik, Iryna Bila og Alona Kuprysh Dnipro - Klikk for stort bileteFrå venstre; Nataliia Dereviariko, Tom Georg Indrevik, Iryna Bila og Alona Kuprysh Dnipro

Iryna kjem frå Odesa og kom til Noreg og Øygarden i august 2023. Denne veka starta ho opp med praksis som assistent på Brattholmen skule. Ho skal vera der to dagar i veka og kombinerer dette med jobbrelatert norskopplæring på Øygarden vaksenopplæring dei tre andre arbeidsdagane. Iryna er også ringevikar som assistent på innbyggartorget og biblioteket på Straume.

- Før krigen var far vakt ved grensa til Moldovia. Han er 52 år gamal og vart kalla inn til krigsteneste sommaren 2023. Eg veit ikkje nøyaktig kvar han er, men mor snakkar med han vanlegvis ein gong i månaden. Eg er veldig redd for han og familien, og eg ringjer mor i Odesa nesten kvar dag, seier Iryna som opplever at det kan vera vanskeleg å sova når det ikkje kjem svar på meldingar.

Alona Kuprysh Dnipro som bur i Skogsvåg og Nataliia Dereviariko som har fått bustad på Ågotnes jobbar begge på Ågotnes Hotell to dagar i veka og går tre dagar på jobbnorsk på vaksenopplæringa. 

- Eg bur saman med bror min her på Ågotnes. Familien min er ikkje direkte involvert i krigen, men ein ung soldat og ambulansearbeidar i svigerfamilien døde i krigshandlingar. Eg håpar krigen kan avsluttast dette året. Vi veit ikkje, vi berre håpar. Dette er heimlandet vårt, seier Nataliia som har kjærast som bur i Ukraina.

- Eg er redd for at det vert ein lang krig. Russland brukar propaganda og vil ha nytt territorium. Det er mykje feilinformasjon, seier Alona som bur med dottera si i Skogsvåg. Dottera er mellom anna aktiv med karate i dei tidlegare lokala til Tellnes skule. Søstera og mora til Alona er busette i Bergen.

Iryna seier at ho har hatt ønske om å gå i krigen, men foreldra hennar ønskjer ikkje at ho skal verta soldat.

- Eg har lyst å hjelpa til i krigen. Det er ein del yngre kvinnelege soldatar i Ukraina, seier ho.

Det gjorde sterkt inntrykk på Iryna, Alona og Nataliia då dei fekk gjensyn med den korte videotalen frå Kyiv sentrum like etter at Russland angreip Ukraina 24. februar 2022. - Klikk for stort bileteDet gjorde sterkt inntrykk på Iryna, Alona og Nataliia då dei fekk gjensyn med den korte videotalen av presidient Volodymyr Zelenskyy frå Kyiv sentrum like etter at Russland angreip Ukraina 24. februar 2022.

Takk!

Dei tre kvinnene er glade for at dei har fått bustad i Øygarden, og gjev uttrykk for at dei har det godt.
Nataliia gler seg over at ho saman med Alona får jobba på Ågotnes Hotell.

- Vi har møtt mange nordmenn med varme hjarto. På hotellet serverer vi mat, lagar mat, vaskar og gjer andre oppgåver, seier Nataliia.

- Ja, vi er svært takksame for at Noreg hjelper oss i den vanskelege situasjonen. Eg har fått svært god hjelp og kan ringja rådgjevarar når eg treng hjelp, seier Iryna som denne veka gler seg over at ho har fått starta opp i praksis. 

Lærar på Øygarden vaksenopplæring, Marit Bendiksen, seier at i “jobbnorsk” får dei norskopplæring som er tilpassa arbeidssituasjonen.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det er sterkt å møta enkeltmenneske som fortel historiene sine. Mange av dei fordrivne frå Ukraina har familiemedlemer som kjempar for landet sitt i fronten. Øygarden kommune ønskjer å visa solidaritet med dei fordrivne.

- Det er vanskeleg for oss å setja oss inn det de har vore gjennom. Det handlar om enkeltskjebnar. Det er også viktig at de gjev oss tilbakemelding på kva vi kan gjera betre for dei som skal busetjast framover. Kommunestyret har i første omgang vedteke at kommunen skal ta imot hundre flyktningar fram til 1. juli, seier ordføraren.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke