Formannskapet tilrår at Liljevatnet skal byggjast ut med to nye barnehageavdelingar og tilpassa lokale for kulturskulen. Dei siste åra har bygget husa barnehage og kulturskule..

 

Då er sesongen for utesymjing i gong! Først ute er 7. trinn.

Utval for plan vedtok i dag samrøystes å godkjenna søknad om dispensasjon for etablering av turveg på Liaskjeret (gbnr. 49/2 m. fleire). Utvalet godkjende også at ein kan starta arbeidet med reguleringsplan for Haugaseto, Kåravika.

 

 

Kommunedirektøren går inn for at Liljevatnet vert bygd ut med to nye barnehageavdelingar og tilpassa lokale for kulturskulen.

 

 

I lokala til Straume arbeids- og aktivitetssenter er det god aktivitet sjølv om koronaviruset får enkelte konsekvensar for drifta. I Øygarden er det tre slike senter; Straume, Skogsvåg og Rong.

 

Dagleg leiar i Initiativ Vest og initiativtakar til Periferifestivalen på Glesvær, Ole Rasmus Øvretveit, hadde mykje på hjarta då han innleia digital samfunnsverkstad onsdag kveld. Øvretveit er også kjend som arrangørsjef for Periferifestivalen på Glesvær.

 |

Tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, la ingenting imellom då ho innleia på det digitale innspelsmøtet i regi av eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing på laurdag.
- Hugs at vil skal leva ein tredel av livet vår etter at vi er 65 år, sa Drevland.

 

 

- Kva er den sørlegaste bebudde øya i Øygarden kommune? Dette var eitt av 14 spørsmål i Kahoot-konkurransen som ungdommens kommunestyre konkurrerte seg imellom på innspelsmøtet om samfunnsdelen til kommuneplanen fredag ettermiddag.

 

Utval for plan skal på møtet den 15. april ta stilling til om ein kan starta arbeidet med detaljregulering for Haugaseto, Kåravika. Utvalet skal også ta stilling til dispensasjonssøknad knytt til turveg på Liaskjeret.

 

Eit trettitals deltakarar var benka framfor skjermen i går då Øygarden kommune og Visit Bergen inviterte til reiselivswebinar i går. Reiselivsdirektør Anders Nyland var tydeleg på at også 2021 er det først og fremst norske turistar som besøkjer destinasjonane i Vestland.