Signerte avtale om brannvern

Dette vert ein vinn-vinn-situasjon. Det seier brann- og redningssjef Bjørn Olav Paulsen etter at ordførar Tom Georg Indrevik og leiar for Equinor Kollsnes & Sture, Bjarte Padøy, fredag føremiddag underteikna ein brannvernavtale mellom kommunen og Equinor. Avtalen vart godkjent av kommunestyret 30. mars.

Bjarte Padøy og Tom Georg Indrevik skreiv under avtalen. - Klikk for stort bileteBjarte Padøy og Tom Georg Indrevik skreiv under avtalen.

Det har vore samarbeid mellom dei store anlegga og Øygarden brann og redning i mange år, men med formalisert og utvida samarbeid får det fleire positive konsekvensar. 

- Det har skjedd mykje innan brannvern den siste tida. I går (30. mars) vedtok kommunestyret både å kjøpa ny brannbil og godkjenna denne avtalen. Og frå 1. april er brannvernet ei avdeling i kommunen. Det er viktig å vita kor tett dei store anlegga er lokalsamfunnet. Det skjer også mykje i Energiparken, og brannvernet må styrkjast, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Bjarte Padøy sa at denne avtalen gjev eit løft for heile den nordre delen av Øygarden.

- Dette gjeld både med tanke på utrykking og moglegheiteter for å betra samarbeid om trening og øving. Det er jobba i lang tid med avtalen, og dette vil styrkja industrivernet. Takk til alle for det gode arbeidet! sa Padøy.

Signeringa vart gjort i brannstasjonen på Kollsnes - Klikk for stort bileteSigneringa vart gjort i brannstasjonen på Kollsnes.

Bjarte Hennø er driftssjef og industrivernleiar for Kollsnes & Sture.

- Det vil vera vaktlag som er disponibelt både for Equinor og resten av den nordre delen av kommune. Denne avtalen betyr mykje for kapasiteten for å trena på industrivern. Avtalen er viktig for oss både med tanke på førebygging og bekjemping, seier Hennøy.

Bjarte Hennø og Bjørn Olav Paulsen - Klikk for stort bileteBjarte Hennø og Bjørn Olav Paulsen

Nord i kommunen er det tre lokasjonar med bil og utstyr. Brann- og redningssjef Bjørn Olav Paulsen seier at samarbeidet mellom Equinor og kommunen bidreg til at ein vert betre kjent med kvarandre.

- Det skal tilsetjast personell som skal ha sin faste plass på dagtid her på brannstasjonen på Kollsnes. Utanom arbeidstid inngår dei i beredskapen på Dalsneset brannstasjon. Ved utkall har desse spesielt god kjennskap til anlegget her. Dette vert kort og godt ein vinn-vinn-situasjon, seier Paulsen.

Frå 1. april vert Øygarden Brann og redning som kommunalt føretak (KF) avvikla. Frå denne datoen vert Brann og redning ei eining i Øygarden kommune.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete