Her er den nye leiaren av barnevernet

Hege Gundersen (52) er tilsett som ny einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden.

Hege Gundersen - Klikk for stort bileteHege Gundersen

Ho overtar etter Laila Grønn-Jensen og tek til i stillinga 7. august.

Hege Gundersen er utdanna jurist og har advokatløyve. Ho har lang erfaring frå barneverntenesta i Bergen, både som rådgjevar og avdelingsleiar. Ho har i tillegg vore assisterande distriktsleiar i Aberia, jobba som advokatfullmektig i Kjærevik & co og kjem no frå stilling som seniorrådgjevar i Bufetat.

Hege Gundersen gler seg stort over at ho har fått jobben.

- Eg ser fram til møta alle i barneverntenesta, dei andre medarbeidarane i kommunen og samarbeidspartnarar. Eg har i samband med jobben i Aberia og barnevernet i Laksevåg samarbeidd med Øygarden kommune. Eg har eit inntrykk av at dette er ein innovativ og ordentleg kommune som er frampå, seier Gundersen

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, er glad for at Hege Gundersen er tilsett som ny einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden. Han viser til at ho har erfaring både frå statleg og kommunalt barnevern i tillegg til private barneverntenester.

- Ho har ein variert og god bakgrunn innanfor barnevernfeltet og står fram som motivert og engasjert. Vi har fått gode tilbakemeldinga på samarbeidsevnene hennar, seier Sylta.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat