Åtte bebuarar evakuert etter brann i Sundheimen

Litt før klokka eitt natt til Skjærtorsdag vart det meldt om brann i eit avdelingskjøken i Sundheimen i Skogsskiftet. Tre tilsette er innlagt på sjukehus til observasjon, medan åtte bebuarar måtte evakuerast til eit fellesrom i ei anna avdeling i sjukeheimen.

Sundheimen - Klikk for stort bileteSundheimen

Styrar på Sundheimen, Janne Thode, seier at både dei som er innlagt på sjukehus og dei som er evakuerte har det etter forholda bra. Kjøkenet har fått så store skader at det er stengt til over påske.

- Romma til dei åtte bebuarane vert no vaska ut, og vi håpar at bebuarane kan flytta tilbake til romma sine i løpet av dagen. Eg vil gje stor ros til dei tilsette som gjorde ein eineståande flott innsats då dei oppdaga brannen. Dette kunne gått skikkeleg ille, seier Thode.

Ho gjev også svært takksam for innsatsen til alle naudetatane og for heimetenesta som har hjelpt til med å organisera og gje ekstrahjelp i ein svært krevjande situasjon.

I tillegg til kjøkenet har to andre rom fått sot og vasskadar, men her er ikkje skadane så omfattande som avdelingskjøkenet.

Ordførar Tom Georg Indrevik var på staden i morgontimane.

- Eg vil takka dei tilsette for ein formidabel innsats etter at dei oppdaga brannen. Dette kunne gått langt verre utan denne innsatsen, seier han.

Kommunedirektør Johnny Breivik er glad for at ingen bebuarar vart skada i brannen og at ingen av dei tilsette skal vera alvorleg skada. Også han understrekar den imponerande jobben som vart gjort for avgrensa skadeomfanget og evakueringa av bebuarane.


Tekst og foto: Vigleik Brekke