Stor interesse for møte om helikoptertrafikk

Opp mot 80 personar deltok på møtet onsdag kveld om helikoptertrafikk og støyreduserande tiltak.

Frå møtet onsdag kveld - Klikk for stort bileteFrå møtet onsdag kveld.

Frå Avinor deltok mellom anna lufthavndirektør Helge Eidsnes, sikkerhetssjef Jan Per Fosse og fagansvarleg for miljø Peter Holmkvist. Også Equinor, helikopterselskapet Bristow og Øygarden kommune var representert på møtet.

Avinor presenterte basisinformasjon om lyd, historikk for prosedyrar i perioden 2015 til 2022, statistiske data for offshoretrafikk og kva konsekvensar dei siste endringane har medført.

Her er presentasjonen til Avinor. (PDF, 5 MB)

Her kan du kontakta Avinor om helikoptertrafikk og støy.