Tenesteskildringar

Tenesteskildringar har til hensikt å skildra kva tenester innbyggjarar kan søkja om å få. Skildringane inneheld kriterium og vilkår som må vera til stades, for skjønsmessig tildeling basert på vurdering av individuelle behov.

Formål med tenesteskildringar

Grundig kartlegging av hjelpebehov er ein føresetnad for god saksbehandling. Koordineringssenteret er ansvarleg for saksbehandlinga, og kommunen har ei lovpålagd plikt til å sørgja for at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak vert fatta.

Tenester blir tildelt ut frå tenestetrappa til kommunen etter LEON-prinsippet. LEON står for Lågast Effektive Omsorgsnivå og er eit prinsipp om at alt førebyggjande og helsefremjande arbeid bør gå føre seg i så nær tilknyting til heimemiljøet som mogleg. I omgrepet næromsorg ligg ønskje om å kunna utnytta dei moglegheitene og ressursane som ein finn i tilknyting til nærmiljø og sosiale nettverk. For å sikra at tenestetilbodet blir etablert på lågaste effektive omsorgsnivå, kan det vera aktuelt å gjennomføra vurderingsbesøk som del av kartlegginga.

Tenesteskildringane er retningsgjevande for likebehandling og bidreg til å sikra innbyggjaren rett behandling på rett stad til rett tid. Tenesteskildringane fungerer og som forventningsavklaring ovanfor innbyggjar/pårørande.

Alle tenesteskildringar blir behandla politisk i utval for levekår. Tenesteskildringar ligg i kvalitetssystemet til kommunen (Compilo) for tilsette, og er tilgjengeleg på nettsida til kommunen for innbyggjarar.

Kvalitet i saksbehandlinga

Saksbehandling skal gjennomførast utan ugrunna opphald. Ofte vil det likevel ta noko tid før ei sak er greidd ut godt nok til at vedtaket kan fattast på eit forsvarleg grunnlag. Dette fordi saksbehandlinga kan omfatta innhenting av opplysningar eller at vi opplever stor samtidig pågang av saker. Dersom ei teneste har venteliste, vil det i dialog med innbyggjar vurderast behov for kompenserande tenester i ventetida.

Vedtaksbrev

Vedtaket skildrar den hjelpa som blir tildelt, kva periode vedtaket omfattar, eigenbetaling og annan informasjon rundt forholdsreglar og avgrensingar. Vedtaket er tidfesta. Vedtaksbrevet inneheld informasjon om retten til å klaga på vedtaket.

Kvalitet i tenestene

Tenesta skal vera føreseieleg og skal hjelpa innbyggjar til å bli mest mogleg sjølvstendig i dagleglivet, uavhengig av om tenesta vert gitt i heimen, på institusjon, dagaktivitet eller anna. Før eventuell lenging av vedtak vil vi gjennomføra ny vurdering.

Vi legg vinn på at levering av tenester er i samsvar med vedtak, fagleg forsvarlege og gjeve med vennlegheit og respekt for det enkelte menneske sin sjølvråderett, eigenverd og livsførsel.

Generelle opplysningar

Pårørande er ein viktig ressurs for både pasientar og helsepersonell og må sjåast på som ein ressurs i helse og omsorgsarbeidet. Eit godt samarbeid med pårørande skal bidra til betre heilskapleg ivaretaking av pasienten sitt behov og gje auka tryggheit for både pasient og pårørande. Kompetente medarbeidarar skal gje støtte og rettleiing til rolla som pårørande og gje naudsynt avlasting for å kunne stå i omsorgsarbeidet.

Tenestene skal involvera og informera pårørande fortløpande dersom pasienten har samtykka til dette. Det skal opprettast hovudkontakt for pasienten og pårørande skal sjåast på som ein naturleg del av helse- og omsorgsarbeidet.

Lovgrunnlag

Lover og forskrifter er styrande for saksbehandlinga og tenester vert tildelt basert på

Oversikt over teneseskildringar