Heimesjukepleie

Heimesjukepleie gjev hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsettingar som bur heime.

Kven kan få hjelp?

Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad, og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Søk om heimesjukepleie

I søknadsskjemaet skildrar du eigne hjelpebehov og kva for tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 202 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Kva kan du få hjelp til?

Ut frå dine helsebehov, kan du eksempelvis få hjelp til:

  • Grunnleggjande behov når det gjeld mat, ernæring og personleg hygiene 
  • Medisinering og anna medisinsk behandling, i samarbeid med fastlege
  • Trening i å meistra kvardagen sjølv etter funksjonsendring/funksjonstap
  • Oppfølging/observasjon av helsetilstand

I samtale med deg vert hjelpebehova konkretiserte. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heim, nye hjelpemiddel eller opplæring.

Informasjon om kvardagsrehabilitering

Pris 

Heimesjukepleie er gratis.

Generell informasjon

Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte. Får du innvilga heimesjukepleie, startar hjelpa opp så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal yta god hjelp, kan det vera behov for at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel. Heimen må også vera fri for røyk når tilsette er på besøk.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om kva tid ein meiner at vedtaket vert fatta.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.

Klage

Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klagen teke til følgje gjennom eit nytt vedtak.

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven

Heimetenesta
Telefon 56 16 05 00

Tast 1 for Sone Straume
Tast 2 for Sone Sør
Tast 3 for Sone Nord

Telefontid:
Måndag til fredag kl. 08.30-11.00
og 13.00-14.30