Arbeids- og aktivitetssenterLytt til tekstenStopp avspillingArbeids- og aktivitetssenter i Øygarden er delt inn i tre avdelingar; Sone nord (Rong), sone sør (Skogsvåg) og sone Straume.Kven er tilbodet til?Vaksne personar med nedsett funksjonshemming og andre med liknande utfordringar som ikkje kan nytta andre arbeidsretta tiltak.Dagaktivitetane skal gje deg ein meiningsfull kvardag. Søkjarar får tildelt plass ut i frå kor ein bur.Kva kan du gjera her?Produsere strikkeprodukt som er tovaSøm (forkle og anna småprodukt)Produsere insektshotellProdusere tennbrikettarVedproduksjonDelta på forskjellige aktivitetarAlle avdelingane produserer for sal. I Skogsvåg bakar dei kringlar og skillingsbollar på bestilling.Slik søkjer duI søknadsskjema skriv du kva du søkjer. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.Digital søknadDu loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenesterSøknadsskjema på papirPapirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)Send ferdig utfylt og signert skjema til:Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 RongKva skjer vidare?Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn.Tenesteskildring Dagtilbod for personar med nedsett funksjonsevneFormålGjennom dagtilbod skal innbyggjar få høve til å oppleva sosialt fellesskap, delta i aktivitetar og oppretthalda funksjonsnivå.MålgruppeInnbyggjarar over 18 år med nedsett kognitiv, fysisk, psykisk og sosial funksjonsevne som har behov for tilrettelagd dagaktivitetstilbod.Tilbodet er for personar som har for dårleg funksjonsnivå til å kunna vera i vanleg tilrettelagt arbeid gjennom NAV, og som har behov for å delta i aktivitet på dagtid.SkildringTilbodet består av tilpassa aktivitetar hovudsakleg i grupper. Du kan få plass på dagsenter frå eín til fem kvardagar i veka. Kor ofte du kan vera på dagsenteret avhenger av kva behov du har. Alle dagsenter har aktivitetar tilpassa den enkelte.Eksempel på aktivitetar:arbeids- og hobbyoppgåveropptrening av ferdigheitersosiale samlingarutfluktertrimKriterium og vurderingDu må bu i Øygarden kommune og vera ferdig med vidaregåande skule samt vera vurdert som arbeidsufør.Forventningar til tenestemottakarDu melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunktDu tar med nødvendig utstyr til dagtilbodet (vert avtalt individuelt)Praktiske opplysningarDersom du treng transport for å nytta deg av tilbodet, legg vi til rette for det. (Om du ønskjer å nytta anna transport, betaler du dette sjølv).EigenbetalingTenesta er gratis men du må betale eigendel for mat og drikke.LovgrunnlagHelse- og omsorgstenestelova, §§ 3-1 og 3-3, § 3-2 pkt 7Pasient- og brukarrettslova, §§ 2-1 a andre ledd og 2-8Du kan klaga på vedtaketPasient og brukarrettslova, § 7-2Fotogalleri Sist endra 06.11.2025 14.25