Langtidsopphald

Eit langtidsopphold er permanent, med oppfølging og tilsyn heile døgnet. Inntaksnemnda fatter vedtak om opphald. Langtidsopphald kan verte tildelt ved ein sjukeheim eller ein bustad med heildøgns teneste.

Kven kan få langtidsopphald?

Butilbod som blir tildelt personar med behov for omfattande pleie og omsorg heile døgnet, der hjelpebehovet er av ein slik art at det ikkje er mogleg å dekkje behovet i personen sin eigen heim.

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt.  Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar.

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 222 kB)

Utfylt og signert skjema sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Prisen for en langtidsplass beregnes ut fra din grunnpensjon fra Folketrygden, sjå  nærare berekning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.

Sjukeheimar og tilsvarande bustad med heildøgnsteneste

Lover og reglar