Heimehjelp (praktisk bistand)

Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Kven kan få hjelp?

Du bur eller oppheld deg i kommunen og:

  • Er heilt avhengig av praktisk hjelp for å kunna bu heime
  • Treng opplæring for å meistra kvardagslege gjeremål
  • Er pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar i det daglege

Søk om heimehjelp

I søknadsskjema skildrar du behova dine og kva for tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 202 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternhomvegen 2
5337 Rong

Kva kan du få hjelp til?

Praktiske kvardagsoppgåver som du er heilt avhengig av for å kunna bu heime.

  • Reingjering
  • Sengeskift
  • Bestilling av matvarer
  • Klesvask

I samtale med deg vert hjelpebehova dine konkretiserte. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heimen, nye hjelpemiddel eller opplæring.

I utgangspunktet vert praktisk bistand/heimehjelp tildelt kvar 3. veke.

Pris

Samla inntekt i husstanden avgjer kor mykje du må betala for heimehjelp. 

*) Maksimalsats er regulert i "Forskrift om eigendel for helse- og omsorgstenester §10".

8.1 Eigenbetaling for praktisk bistand (heimehjelp)
Pris 2024 pr. mnd
Intill 2G Etter forskrift
2G - inntil 3G 900
3G - inntil 4G 1 845
4G - inntil 5G 2 740
5G og over 3 655
Maks timesats 355

Generell informasjon

Når søknad er motteken, avtalar vi i heimetenesta snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møtet. Får du innvilga praktisk bistand, startar hjelpa så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal kunna yta god hjelp, kan det vera behov for å stilla som vilkår at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om kva tid ein meiner at vedtaket vedtaket vert fatta.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.

Lover og reglar

Heimetenesta
Telefon 56 16 05 00

Tast 1 for Sone Straume
Tast 2 for Sone Sør
Tast 3 for Sone Nord

Telefontid:
Måndag til fredag kl. 08.30-11.00
og 13.00-14.30