Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Fritidskontakt

Dersom du er heilt avhengig av hjelp for å ha ei meiningsfull fritid, kan du søkja om fritidskontakt (støttekontakt). Tilbodet om fritidskontakt (støttekontakt) er uavhengig av alder.

Kven kan få tilbodet?

Du må vera sosialt isolert, ha vanskar med å koma deg i kontakt med andre eller treng følgje for å kome deg ut på aktivitetar.

Kva kan du få hjelp til?

Fritidskontakt (støttekontakt) kan bistå til sosialt samver og følgje til ulike aktivitetar.

Føremålet med fritidskontakt er at du får hjelp til ei meiningsfull fritid saman med andre. Hjelpa vert gjeven ut frå behova dine.

Fritidskontakt kan verta tildelt som:

  • Individuell fritidskontakt
  • Deltaking i gruppeaktivitetar

Slik søkjer du

Søk om fritidskontakt (PDF, 222 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternhomvegen 2
5337 Rong

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande.

Prisar

Tenesta er gratis, men du dekkjer eigne utgifter.

Du kan ha rett til følgjekort (lenkje), som gjev fritidskontakten din gratis inngang til stader som godtek følgjekort.

Kva skjer vidare?

Dersom du får innvilga fritidskontakt, vil kommunen søkja å finne rett person/aktivitet til ditt behov.

For fritidskontaktar (støttekontaktar)

Timeliste (PDF, 118 kB)

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00