Kven kan få tilbodet?
Du må ha eit langvarig og omfattande behov for personleg assistanse for å klara daglege oppgåver.
Kva kan du få hjelp til?
Assistentar gjev deg personleg og praktisk hjelp i kvardagen ut frå behova dine og ønske.
Du styrer sjølv:
- kven du vil ha som assistent
- kva assistenten skal gjera
- kvar og til kva tider assistenten skal vera hjå deg
Om du ikkje kan vera arbeidsleiar sjølv, kan rolla takast i vare av nokon som kjenner deg godt.
Du er med på å avgjera kven som skal vera assistenten din. Du kan velja kommune eller private som leverandør. Kommunen er ansvarleg for å føljga opp kvaliteten på tenesta.
Søk
Søk om BPA ved å bruka søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv om behova dine for hjelp.
Søk om brukarstyrt personleg assistanse (PDF, 197 kB)
Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Søknadsfristar
Søknader vert behandla fortløpande. Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk for kartlegging av behova dine og ønske. Du må gjerne ha med pårørande eller annan tillitsperson i møtet.
Pris
Samla inntekt for husstanden dannar grunnlag for kor mykje du må betala. Eigendel er den same om du vel privat eller kommunal leverandør.
Kva skjer vidare?
Søknader vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar innan 3 veker, skal du motta svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.
Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vert fatta.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.
Klage
Du kan klaga på vedtak om BPA. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.
Lovar og reglar