Søk Rask Psykisk Helsehjelp

Oppfølginga vert hovudsakleg gjeve i form av kurs, gjerne i kombinasjon med heilt kortvarig individuell oppfølging.

Kva tilbyr vi?

Tilbudet vert gjeve etter modellen Rask Psykisk Helsehjelp (RPH)

Våre kurs og samtalar kan føregå både på nett og ved fysisk oppmøte. Av erfaring og frå forsking veit vi at kursa kan vera effektive og gje god hjelp. I RPH-modellen er det sentralt å gje oppfølging på lågast mogleg nivå, og du bør difor vera førebudd på at dette mest sannsynleg vil vera vårt tilbod til deg, eller ein del av det. Kva for tilbod som er rett for deg og situasjonen din vurderer vi i inntaksteam og saman med deg. 

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa vår er innbyggjarar i kommunen i aldersgruppa frå 18 år og oppover, med milde til moderate psykiske helseplager.

Dersom du har slite over lengre tid, og har problem med å fungera i kvardagen, så vil vårt tilbod og våre rammer mest sannsynleg ikkje passa deg. Då kan du ha rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, og kan få hjelp av fastlege til tilvising dit.

Kursoversikt

Kurs- og aktivitetskalender

Korleis få tilbodet?

Dersom du ønskjer å få oppfølging hjå oss, kan du:

  • Senda inn kontaktskjemaet vårt her (knapp under)
  • Du kan få tilvising frå fastlege
  • Du kan kontakta oss på telefon 469 49 904

Søk rask psykisk helsehjelp

Pris

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Vi har inntaksmøte kvar tysdag, og du kan rekna med at vi svarar deg i løpet av ei eller to veker. Ved høgtider og feriar kan det ta noko lengre tid.