Meistring av depresjon, stress og belastning

Kurset går over fem kursdagar, à to timar per veke. Sjå på kursoversikt for de kurset du er interessert i.

Innhald

Kurset viser korleis du kan ved hjelp av kognitive teknikkar, bli meir merksam på korleis tankar, kjensler, handlingar og åtferd gjensidig påverka kvarandre.

Målgruppe

Dette er eit lågterskeltilbodet for innbyggjarane i Øygarden kommune og  passe godt for personar med lettare til moderate psykiske vanskar knyta opp mot depressive symptom, stresskjensle, eller ei oppleving av ein belastande kvardag.

Kurs via nett

Nettkurset blir halden via videoplattforma Whereby. Dette er ei sikker løysing for pasientkontakt.

Du som deltakar får tilsendt på mail kursmateriellet og link før oppstart. Du treng ingen pålogging. Kursleiar slepp deg inn i rommet når kurset startar. Det kan ikkje komme andre inn undervegs enn dei kursleiar slepp inn. Inne i rommet møter du dei andre kursdeltakarane og det er rom for å  snakke med andre undervegs.  Det er også ein chatfunksjonen om ein vil skrive spørsmåla.

Kursleiar delar skjerm med presentasjon av stoffet. Det er kjekt om du kan ha på kamera kursdagane.

Før kurset blir du inviterer vi deg til ein videosamtale for å konkretisere kva du ønskjer å få ut av kurset, i tillegg til at du kan få sjå korleis videoplattforma fungerer og spørje eventuelle spørsmål du måtte.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Fyll inn og send inn søknadskjema

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurs i mestring av depresjon, stress og belastning

Kurs- og aktivitetskalender

Datoar for neste kurs finn du i vår kurs- og aktivitetskalender.

Klikk her for kursoversikt