
Innhald
Opplegget er intensivt, det vil sei at behandlinga blir komprimert over ein periode på fem dagar. Dette betyr at det vil krevje ein del av deg som deltakar. Vi ber derfor om at du sørger for å ha moglegheit til å delta på alle behandlingssesjonar og møter alle dagane.
Behandlinga vil skje digitalt over video. Fysisk aktivitet vil bli vektlagt som del av behandlinga, og vi vil i samråd med deg som deltakar finne aktivitet som passar for deg. I forkant av behandling vil vi gjere ei kartlegging og lage ein plan for behandlinga med kvar enkelt deltakar.
Målgruppe
Menneske som har vore utsett for traumatiske hendingar, nyleg eller tidlegare i livet, og som opplever ein eller fleire av følgande symptom / plagar når dei vert minna på hendingam eller kjem i situasjonar som liknar på det dei opplevde, kan oppleve:
- påtrengande minne
- sterk kroppsleg aktivering
- unngår ting, personar eller situasjonar som minner om traumet
NB. Ein kan ikkje melde seg på intensiv traumebehandling, som dei andre kursa våre. Vi vurderer om søknadane som kjem inn passar til skildringa rundt traume, og kontaktar dei som vi treng meir informasjon frå, og om dei ønskjer denne hjelpa.
Vårt tilbod egner seg for pasientar, som til tross for det dei har opplevd, har eit tilnærma normalt funksjonsnivå, arbeidsliv og sosialt liv. Eller der funksjonsnivået er vurdert mildt/moderat svekka.
Pris
Kurset er gratis.
Fyll inn og send inn søknadsskjema
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Kurs- og aktivitetskalender
Datoar for neste kurs finn du i kurs- og aktivitetskalendaren vår.
Klikk her for kursoversikt