
Innhald
Kurset går over sju gonger og inneber:
- 30 minutt trening på spinningsykkel eller 30 minutt enkel gruppetimetrening
- 45 minutt styrketrening eller 45 minutt yoga
- Servering av enkel lunsj og 45 minutters føredrag om korleis ta vare på eiga helse
(Det er ikkje naudsynt med noko erfaring frå trening for å delta og du vil få anledning til å prøva ut dei ulike treningstimane viss du ønskjer).
På kurset får ein erfaring med å kjenna både på høg aktivering og avspenning. Det er fokus på å finna ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finna tryggleik i at kroppen treng begge delar. Ein lærer ulike strategiar for å hjelpa seg sjølv til å kjenna igjen, anerkjenna og regulera vanskelege kjensler. Det overordna målet er å bidra til auka evne til å meistre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.
Målgruppe
- Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finna ein god balanse mellom aktivitet / prestasjon og restitusjon / kvile?
- Treng du hjelp til å finna overskudd, energi og livsgnist igjen?
- Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåla fysisk belastning?
- Ønskjer du å trena, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
Informasjonsmøte
Det vert halde eit oppstarts- og informasjonsmøte måndagen før kurset startar. Møtet finn stad i Sporty treningssenter sine lokale. Her vil du få treffa kurshaldarane og trenarane og du vil få omvising på treningssenteret og mogelegheit til å snakka med nokon viss du treng tilrettelegging for treninga.
Ta med
- Treningsklede
- Drikkeflaske og ein liten handduk
- Evt det du treng om du vil dusj på Sporty treningssenter etter gruppa
Pris
«Frisk pust» går over 7 gonger og kostar 749,- (375,- pr mnd i to mnd.) Summen skal betalast til Sporty treningssenter ved første møte. Du får eit fullverdig medlemskap på senteret i to mnd. Det er ingen binding etter kurset. (Dersom du allereie har medlemskap, betaler du ingenting ekstra).
Fyll inn og send inn søknadskjema
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Kurs- og aktivitetskalender
Datoar for neste kurs finn du i kurs- og aktivitetskalendaren vår.
Klikk her for kursoversikt