Kurs er over 2 t og blir gjentatt ca. kvar 4. veke. Oppbygginga av kurset er lik kvar kursdag, mens innhaldet vil kunna variera noko avhengig av kva for kroppslege symptom ein jobbar med.
Innhald

Kurset er basert på kognitiv terapi og har som føremål å:
- Hjelpa deg å forstå kvifor du får panikkanfall
- Gje deg moglegheit til å utforska og overkomma dei kroppslege/mentale symptom du er redd for
- Gje deg ein plan for korleis du kan jobba vidare med dette på eiga hand
Du er velkommen til å delta på fleire kursdagar om du har behov for dette og har mulighet til det.
Målgruppe
Menneske som nyleg har opplevd eitt eller fleire panikkanfall og ønskjer hjelp til angstplagene. På dette kurset er også aktuelle faggrupper som betre ønskjer å forstå korleis ein jobber med angst, velkommen. Dette kan f.eks. vera; legar, lærarar eller helsesjukepleiarar.
Typiske kjenneteikn ved panikkangst:
- Frykt for kroppslege symptom som kvalme, svimmelhet, hjartebank, kortpustethet, m.m.
- Katastrofetenkning som «eg kjem til å dø» «eg kjem til å svima av» «eg kjem til å bli sjuk», «eg kjem til å bli gal», «eg kjem til å mista kontroll», m.m.
- Unngåing av stader, personar eller situasjonar - heilt eller delvis, og forsøk på å bremsa/kontrollera angsten
Pris
Kurset er gratis.
Fyll inn og send inn søknadsskjema
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Ved spørsmål
Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no eller telefon 469 49 904.
Velkommen!
I tråd med helsepersonelloven vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Kurs- og aktivitetskalender
Datoar for neste kurs finn du i kurs- og aktivitetskalendaren vår.
Klikk her for kursoversikt
Publisert 14.10.2020 10.30
Sist endra 17.12.2025 09.06