Stress mindre med mindfulness

Kurset går over seks dagar, to timar per gong. Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi  lærer best gjennom eigne erfaringar. Øvingane blir supplert med noko teoretisk undervisning.

Ill. Stress mindre med Mindfullness - Klikk for stort bilete

Innhald

Kurset har som mål å gjera deltakaren meir bevisst på situasjonar og eigne reaksjonar som løyser ut ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.

Med kurset forsøker vi å styrka den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast som auka merksemd på det som skjer i augneblinken med ei open, ikkje dømmande haldning.

Du treng å ta med eiga matte til øvingane og gjerne eit pledd. Om du ønskjer, kan du óg ta med deg ei pute. Lause klede kan vera ein fordel.

NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eiga hand mellom kursdagane.

Målgruppe

Personar som opplever stress i kvardagen og som ønskjer å utvida toleransen for det.

Pris

Kurset er gratis.

Fyll inn og send inn søknadskjema

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurset Aksept for det som er

Kurs- og aktivitetskalender

Datoar for neste kurs finn du i kurs- og aktivitetskalendaren vår.

Klikk her for kursoversikt