Søk Rask Psykisk Helsehjelp

Kva tilbyr vi?

Tilbodet er utarbeidd etter modellen Rask Psykisk Helsehjelp (RPH). I RPH-modellen er det sentralt å gje oppfølging på lågast mogleg nivå for at vi skal kunna hjelpa flest mogleg. Dei fleste får eit tilbod om kurs eller rettleia sjølvhjelp. Kva for tilbod som passar den einskilde søkjar og situasjonen han eller ho står i, vurderer vi i inntaksteam og saman med den som søkjer hjelp.

Vi har ikkje eit tilbod til dei som ønskjer eit reint samtaletilbod. RPH har heller ikkje tilbod til dei som har meir samansette utfordringar med å få kvardagen til å gå rundt, eller, over lang tid, ufrivillig har falt ut av arbeid. I desse tilfella rår vi å søkje hjelp frå andre instansar, til dømes spesialisthelsetenesta (via fastlegen).

Rettleia sjølvhjelp

I tilbodet om rettleia sjølvhjelp jobbar du deg gjennom eit eller fleire digitale sjølvhjelpskurs i programmet Assistert selvhjelp. Kvart program består av inntil seks modular og går over omlag 6 til 8 veker. Du får og oppfølging i form av ein kort samtale med behandlar (omlag 15 minutt), vanlegvis ein gong i veka. Kurset du jobbar med er spesifikt valt for deg etter at du har fylt ut ei innkomstkartlegging som hjelper oss å sjå kva utfordringar du har. Samtalane har fokus på teknikkar og oppgåver frå modulane.
Her kan du lesa meir om rettleia sjølvhjelp.

Dersom ein søkjar i hovudsak ønskjer eit samtaletilbod, rår vi han eller henne å søkja hjelp frå andre instansar.

Nettverksmøte

Når kvardagen er utfordrande, treng ein støtte frå andre. Nettverksmøte er eit tilbod til deg som ønskjer å samarbeida med familie og nettverk. To møteleiarar vil hjelpa med å legga til rette for ein open dialog der alle stemmer i rommet blir høyrt og tillagt like stor betydning. Du kan sjølv velja kven og kor mange som skal delta på møtet. 

Her kan du lesa meir om nettverksmøte

Kursoversikt

Kurs- og aktivitetskalendar

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa vår er innbyggjarar i kommunen i aldersgruppa frå 18 år og oppover, med milde til moderate psykiske helseplager.

Dersom du har slite over lengre tid, og har problem med å fungera i kvardagen, vil tilbodet vårt og rammene våre mest sannsynleg ikkje passa deg. Då kan du ha rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, og kan få hjelp av fastlege til tilvising dit.

Korleis få tilbodet?

Dersom du ønskjer å få oppfølging hjå oss, kan du senda inn kontaktskjemaet vårt via knappen nedanfor: 

Søk rask psykisk helsehjelp

Pris

Tilbodet er gratis, forutan Frisk pust der ein betalar redusert pris for medlemskap i 2 månader hjå Sporty treningssenter.

Kva skjer vidare?

Vi har inntaksmøte kvar tysdag, og du kan rekna med at vi svarar deg i løpet av ei eller to veker. Ved høgtider og feriar kan det ta noko lengre tid.

Om du av ein eller annan grunn ikkje får til å senda søknad til oss, eller du ønskjer å vita meir om tilboda våre, kan du ringa på telefon 911 87 826. Vi har ikkje noko sentralbord, men tek tlf innimellom andre gjeremål. Det gjer at du kanskje må ringa oss fleire gonger. Viss vi ser at du har ringt, prøver vi å ringa deg opp igjen.