Psykisk helse for menn

Det er ikkje alltid lett å snakka om det som er vanskeleg. Du treng heller ikkje venta til det har blitt alvorleg.

Mange menn opplever periodar med stress, uro, nedstemtheit, søvnvanskar, sinne, einsemd eller andre belastningar. Nokre merkar det først gjennom kroppen, jobben, forholdet til andre eller ved at dei trekkjer seg unna ting dei vanlegvis likar.

Å be om hjelp er ikkje eit teikn på svakheit. Det kan vera eit godt grep for å få meir overskot, betre søvn, mindre stress og ein kvardag som fungerer betre.

Kjenner du deg igjen?

Kanskje du:

  • er meir irritabel, sint eller frustrert enn vanleg
  • går mykje med uro eller bekymringar
  • kjenner deg nedstemt eller tom
  • har mista interessa for ting du tidlegare likte
  • søv dårleg eller er konstant sliten
  • opplever stress som går ut over jobb, familie eller fritid
  • trekkjer deg unna vener eller familie
  • brukar meir alkohol enn du ønskjer
  • strevar etter eit samlivsbrot, ein konflikt, sjukdom eller ei anna livsbelastning
  • går med ting du ikkje snakkar med nokon om

Du treng ikkje ha ein diagnose for å ta kontakt. Dersom du er usikker på om du treng hjelp, kan du ta kontakt med oss – så finn vi ut av det saman.

Menn og psykisk helse

Psykiske plager rammar både kvinner og menn. Samstundes kan menn ha andre måtar å uttrykkja og handtera belastningar på, og nokre ventar lenge før dei søkjer hjelp.

Eit alvorleg uttrykk for dette er sjølvmord. I 2024 vart det registrert 739 sjølvmord i Noreg. 543 var menn – om lag tre av fire.

Førebygging handlar derfor også om å gjere det lettare å søkje hjelp tidleg – før problema veks seg store.

Rask psykisk helsehjelp – eit lågterskeltilbod

Rask psykisk helsehjelp i Øygarden kommune er eit gratis tilbod for deg som har milde til moderate psykiske plager. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen for å ta kontakt.

Vi tilbyr mellom anna:

  • låg terskel for kontakt
  • kartleggingssamtalar på kontor, telefon eller video
  • kurs og gruppetilbod
  • konkrete verktøy for å handtere stress, bekymringar, søvn og vanskelege tankar og kjensler

Behandlinga byggjer på kognitiv terapi og har som mål å hjelpa deg til å meistre utfordringane i kvardagen. Du treng ikkje møta opp fysisk for å få hjelp – digital oppfølging kan vera eit godt alternativ dersom det passar betre for deg.

Korleis ta kontakt?

Tilbodet er gratis, og du kan ta kontakt sjølv. Du treng inga tilvising. Vi har teieplikt.

Telefon: 911 87 826
Telefontid: kvardagar kl. 09.00–14.00

Du treng ikkje vita nøyaktig kva du skal seia. Det held å seia at du har det vanskeleg og ønskjer å snakka med nokon.

Ta kontakt før det blir verre. Det kan vera noko av det viktigaste du gjer for deg sjølv – og for dei som står deg nær.

OBS!
Rask psykisk helsehjelp er ikkje ei akutt-teneste og tilbyr ikkje langvarig behandling. Ved alvorlege psykiske vanskar bør du kontakae fastlegen.

Ved akutt krise eller fare for liv og helse: ring legevakt 116 117

Ved umiddelbar fare for liv og helse: ring 113.