Her er nye vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 45.

Renate Blindheim og Sekkingstad hylla på årsfest

Trenar for herrelaget til Sotra Sportsklubb, Renate Blindheim, er Årets fyrtårn i Øygarden. Ho fekk overrekt prisen på årsfesten til Vest Næringsråd fredag kveld. Årets Bedrift vart Sekkingstad AS.
- Det er utruleg kjekt å verta anerkjent for det ein gjer, seier Renate Blindheim.
Les meir. 

Erkjenner at det er mange dilemma

Mange aktørar stod fram på Øygardskonferansen og snakka om kva dilemma dei møter i kvardagen.
- Vi må finna ein balanse i dette, sa kommunedirektør Johnny Breivik då han saman med Kåre Bjorøy i Sartor Drange skildra dilemma både i det private og det offentlege.
Les meir.

Ambisiøst budsjett med målretta prioriteringar

Kommunedirektør Johnny Breivik presenterte framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret på torsdag.
- Vi må investera i førebygging, kompetanse og digitale løysingar, og vi må våga å prioritera der det monnar mest for å styrkja kjerneoppgåvene, seier kommunedirektøren. Driftsbudsjettet for 2026 har eit netto driftsresultat på 59 millionar kroner. 
Les meir.

Gav fullmakt til å lokalisera robustbustader

Kommunestyret vedtok på torsdag å gje administrasjonen fullmakt til å skaffa fram eigna lokasjonar for dei resterande fem robustbustadane. Dette skal skje i tråd med vurderingar frå tverrfagleg arbeidsgruppe. Kommunestyret vedtok også å justera krinsgrensene for Turøy krins og Misje krins og tre medlemer til styret for Stiftinga Fjell festning.
Les meir.

- De arbeider godt med inkludering

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng likte det ho høyrde då ho besøkte Trigger og NAV på Straume måndag ettermiddag.
- Mange kommunar kan læra av dette, seier ho etter besøket. Statsråden er oppteken av at tiltaka i kommunane legg til rette for at folk skal koma ut i ordinært arbeid.
Les meir.

Digg læring konferansen 202

Fredag 7. november vart Digg læring konferansen arrangert på Knappskog skule. Over 400 påmeldte fekk med seg eit rikhaldig program med plenumsforedrag, parallellsesjonar og workshops. 
Les meir.

- Eg har det eigentleg ganske bra

Trine Skulstad er begeistra etter å ha fullført eit livsstilskurs i regi av friskliv og meistring.
- Eg har gått ned 10 kilo i vekt og har til og med treft ein mann eg datar med på tredje månad, seier ho då ho møter dei andre deltakarane på ei oppfølgingssamling. Trine har delteke på livstilskurset over tre månader. Målet med kurset er å leggja til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vera meir til stades i eige liv.
Les meir.

Digitalt informasjonsmøte om fosterheim

Er du nysgjerrig på korleis det er å vera fosterheim? Då er dette møtet for deg. Få med deg det digitale møtet tysdag 18. november kl. 20.00 - 21.30. Du kan stilla spørsmål om det du lurer på. Om du heller vil snakka med oss åleine, kan du ta kontakt etter møtet.
Les meir.

No kan du nominera kandidatar til kommunale heidersprisar

Vi deler ut fem kommunale heidersprisar i Øygarden. No kan du koma med innspel til kandidatar. Frist for å nominera kandidatar er 31. desember 2025.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (45)

  • 03.11.:  Interne møte
                 Møte med Telavåg 
                 Besøk fra Statsråd Stenseng 
                 Arrangement Bergen Havn
  • 04.11.:  Plankonferanse Vestland fylkeskommune
                Lansering av juleheftet
  • 05.11.:  Politiråd
                 Møte på Stortinget – Oslo
  • 06.11.:  EØS/EFTA, formøte – Teams
                 Besøk CCB om forvarsprosjektet 
                 Kommunestyremøte
  • 07.11.:  Opning av DIG Læringskonferansen – Knappskog skule 
                Øygardskonferansen
  • 08.11.:  Budsjettkonferanse
  • 09.11.:  Sentralstyremøte Høgre, Oslo

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (45)

  • 03.11.:  Interne møte
                Møte med Knutec – Gruppemøte
  • 04.11.:  Plankonferanse
  • 05.11.:  Politiråd
  • 07.11.:  Øygardskonferansen
  • 08.11.:  Budsjettsamling
  • 09.11.:  Markering krystallnatta