Kommunedirektør Johnny BreivikI framlegget understrekar kommunedirektøren at endringane i befolkningssamansetjinga gjer at kommunen må styrkja helse- og omsorgstenestene, samtidig som kvalitet og kapasitet i oppvekstsektoren vert sikra.
Driftsbudsjettet for 2026 har eit netto driftsresultat på 59 millionar kroner. Dette utgjer 1,5 prosent av driftsinntektene og gjer det mogleg å styrkja disposisjonsfondet.
Store investeringar pressar driftsbudsjettet
Det er føreslått å investera for 380 millionar kroner i 2026. Dei største investeringane neste år er ny ungdomsskule på Bildøyna og kjøp av administrasjonsbygg som erstatning for eksisterande rådhus. I investeringsprogrammet for fireårsperioden 2026-2029 er det mellom anna lagt inn ny skule vest på Sotra, ny kultursal, ny sjukeheim på Straume og bygging av 40 nye omsorgsbustader.
Kommunedirektøren seier at dei høge investeringane er nødvendige, men pressar driftsbudsjettet hardt.
- Dette er i overkant ambisiøst slik den økonomiske løfteevna er i dag. Det er difor lagt til grunn regulering av eigedomar for å kapitalisera på desse gjennom sal. På same måte vil kjøp av nytt kontorbygg sentralt på Straume bidra til å frigjera betydelege investeringsmidlar gjennom sal av dagens rådhus, seier Johnny Breivik.
Driftsbudsjett med tydelege prioriteringar
Med framlegg til driftsbudsjettet vil kommunedirektøren visa at Øygarden kommune jobbar tydeleg systematisk for å tilpassa drifta til den demografiske utviklinga samfunnet er inne i. Høgt investeringsnivå påverkar også driftsbudsjettet. Det er lagt til grunn auke i finansutgifter i samsvar med tidlegare investeringsvedtak og politiske signal.
Opptrapping av kapasitet innan heildøgns omsorgstenester held fram. I budsjettet for 2026 er bemanninga ved Hidlamyra omsorgsbustader styrkt. Det er også lagt inn ein ytterlegare auke for å sikra nødvendig helsepersonell i dei 40 nye omsorgsbustadane som er innarbeidd mot slutten av økonomiplanperioden.
Rammene knytt til bemanning i barnehagar, skule og institusjonar er styrkte for å sikra meir føreseielege og stabile personalressursar.
- Gevinsten er redusert kjøp av vikartenester og mindre bruk av tilfeldige vikarar. Barnevernet er dimensjonert for både å handtera eit stort press på tenestene og utvikling av alternative tiltak til kjøp av kostbare institusjonsplasseringar, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Øygarden pluss
Omstillinga som er talfesta i økonomiplanen skal løysast gjennom systematisk utvikling av heile kommuneverksemda. Dette arbeidet er allereie starta med fastsetjing av rammene for omstillingsprogrammet Øygarden pluss. Gjennom Øygarden pluss skal heile organisasjonen, frå politisk leiing til tenestene, mobiliserast for å skapa ein framtidsretta kommune. Programmet skal byggja på tillit, samarbeid og innovasjon og leggja til rette for ei drift som møter både behova til innbyggjarane og utviklinga av samfunnet.
Nøkkeltal budsjett 2026
- Totale driftsinntekter 3 945 millionar kroner
- Totale driftsutgifter 3 863 millionar kroner
- Driftsresultat i prosent av driftsinntekter 1,5 prosent
- Renteutgifter 185 millionar kroner
- Avdrag 109 millionar kroner
- Eigedomsskatt 184 millionar kroner
- Investeringar 380 millionar kroner
- Opptak lån investeringar 274 millionar kroner
Investeringar i økonomiplanperioden 2026-2029: 2,433 milliardar kroner
Her er lenkje til budsjett og økonomiplan (Framsikt).
På møtet vart det behandla nokre få saker. Les meir her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke