Gav fullmakt til å lokalisera robustbustader

Kommunestyret vedtok på torsdag å gje administrasjonen fullmakt til å skaffa fram eigna lokasjonar for dei resterande fem robustbustadane. Dette skal skje i tråd med vurderingar frå tverrfagleg arbeidsgruppe. 

Frå kommunestyremøtet 6. novembe - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 6. november. På talastolen, ordførar Tom Georg Indrevik

I vedtaket heiter det vidare at administrasjonen skal gjennomføra nabolagsarbeid før søknad om plassering vert sendt. Kommunestyret skal informerast om framdrift og eventuelle utfordringar i arbeidet.

Øygarden bustadforvaltning har investert i seks rorbustader for personar med rus- og psykiske helseutfordringar. I februar vedtok kommunestyret å arbeida vidare med fleire aktuelle tomter. Pr. dato er det eí tomt på Klokkarvik som er i arbeid. Det er ikkje funne tomt til dei fem andre robustbustadene som er kjøpte inn.  

Det er for å sikra framdrift og fleksibilitet i prosessen at kommunedirektøren har tilrådd at administrasjonen får fullmakt til å arbeida vidare med lokalisering av tomter, i dialog med nabolag og med nabolagsarbeid i forkant av søknad. Det har altså no kommunestyret slutta seg til.

Justerer krinsgrensa for Misje og Turøy

Kommunestyret vedtok med 41 mot fire røyster (INP) å justera skulekrinsgrensa ved å leggja Misje og Turøy krins til Toftøy krins (Toftøy skule). Barnehage- og skulebruksplanen 2024-2027 for Øygarden kommune vert oppdatert i tråd med vedtaket.

Konsekvensane av denne krinsjusteringa vert at frå skuleåret 2026-2027 skal elevar på første trinn frå dei to øyane gå på Toftøy skule. Det gjeld også nye elevar som flyttar til Turøyna og Misje. Dei elevane frå desse øyane som no går på Landro skule, fullfører skulegangen der.

Valde styre for Fjell festning

Kommunestyret valde tre styremedlemmer til Stiftinga Fjell festning for to år (personleg varamedlem står i parentes). Dette er Ole-Asbjørn Fauske (Bjørn Ove Børnes), Anders Nyland og Silvia Høines (Alvhild Tofterå Berge). Formannskapet får fullmakt til å nemna ut det tredje varamedlemmet.
Styret er samansett av fem medlemmer. Årsmøtet i Øygarden og Sotra forsvarsforening skal velja to medlemmer og to personlege varamedlemmer til styret.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.