Johnny Breivik (til venstre) og Kåre Bjorøy380 deltakarar slår alle rekordar for Øygardskonferansen. Fleire av dei vi snakka med peika på at kvaliteten på Øygardskonferansen har vorte stadig høgare.
Ordførar Tom Georg Indrevik stod på scena saman med Roy-Eddy Lie frå Liegruppen og Astrid Aag i Sartor Holding og snakka om Sotra Kystby.
- By er eit marknadsføringsnamn i seg sjølv. Det vi har skapt er levedyktig. Utfordringa er å skapa ein sjølvstendig identitet. Vi brukar 12 minutt inn mot sentrum, «dei der inne» brukar ei veke ut her, sa ordføraren med eit aldri så lite understatement.
Astrid Aag sa at Straume er ein god stad å bu.
- Vi vil skapa eit godt miljø for studentane, barnefamiliane og dei eldre, sa ho og viste til alle planane om utbygging på Straume.
Roy-Eddy Lie viste til at det har vore ein styrke at det er lokale eigarar og utviklarar her ute.
- Vi ser knapt sjøen frå Straume. Ein kystby treng vera tettare på sjøen, sa Lie i Liegruppen som har store planar for utvikling av Nordre Bildøyna.
Frå venstre Astrid Aag, Roy-Eddy Lie og Tom Georg IndrevikLytt til podkasten Rådhuset som tok pulsen på Øygardskonferansen. Gjester var Camilla Nygård, Ove Trellevik, Kåre Bjorøy, Gunnar Staalesen og Liv Signe Navarsete.
Byråkrati og pålegg
Dei første innlegga på Øygardskonferansen var prega av utfordringane med byråkrati og stadig nye pålegg og føringar frå sentralt hald. Dette er ei utfordring for både private aktørar og kommunen lokalt.
- Vi brukar mykje tid og ressursar på dette. Vi må kvittera ut tilsynsrapportar, og vi skulle gjerne brukt meir tid på å produsera tenester enn å dokumentera at vi etterlever krava. Det er retningslinjer og reglar som vi må følgja, men det må vera ein balanse, sa kommunedirektør Johnny Breivik.
Kåre Bjorøy i Sartor Drange meinte at alle krava mot næringslivet har «gått over streken».
- Vi må spørja oss kva som er kost-nytte. Eg opplever at Noreg er meir katolsk enn paven. Det er så mange interesser å ta omsyn til at mange kvir seg for å setja i gang. Det skal gjerne gjennomførast psykososial kartlegging. Men det som slit mest på psyken er desse kartleggingane, sa Kåre Bjorøy.
Ordførar Tom Georg Indrevik sa at Sotra Kystby må skapa ein sjølvstendig identitet.Nøgde deltakarar
Oppslutnaden om Øygardskonferansen er altså rekordstor. Ein av dei 380 deltakarane var banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård. Ho har vore med på konferansen i ei årrekkje.
- Dette er eitt av høgdepunkta i året. Vi får stort fagleg påfyll med dagsaktuelle tema, og ikkje minst får vi treffa mange viktige aktørar. Nettverk betyr svært mykje, særleg her ute. Det viktigaste for oss er å vera like lokale som før. Då er det viktig å vera her saman med resten av kommunen, sa Camilla Nygård i podkastepisoden Rådhuset som vart publisert før konferansen var avslutta fredag ettermiddag.
Camilla Nygård i Sparebanken Norge deltek "alltid" på Øygardskonferansen. Til venstre; Johnny BreivikTo andre veteranar på konferansen var Jarle Vindenes i Sotra Gruppen og tidlegare direktør i Tide og fleire lokale trafikkselskap i regionen, Bjørn Ove Børnes.
- Eg opplever at det har vore ein gjennomgåande god kvalitet på denne konferansen. Kvaliteten vert stadig høgare. Eg kjenner meg godt igjen i det som er skildra her på konferansen om alle pålegga som vert tredd ned over hovudet på oss. Elles tykkjer eg det var flott å høyra på lege og psykiater Jon Reichelt, seier Jarle Vindenes.
Bjørn Ove Børnes seier når ein samlar så mange deltakarar så viser det at dette er ein konferanse med høg kvalitet.
- Dette er ein svært viktig møtearena for næringslivet. Det har også vore gode tema på konferansen.
Børnes har forståing for at byråkratiet kjenner på dilemma.
- I dag har samfunnet eit svært sterkt fokus på at det ikkje skal vera forskjellsbehandling. Saksbehandlarane kjem i ein skvis og opplever gjerne at det vert feil uansett korleis ein konkluderer, seier han.
To veteranar; Bjørn Ove Børnes (til venstre) og Jarle VindenesTo hattar
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete vedgjekk at det er eit tungt regelverk. Strandsona er strengt regulert og plan- og bygningslova er ei viktig rettesnor, og motsegn er eit verkemiddel. Det er færre motsegn no enn tidlegare, og det skal gjennomførast eit prosjekt om motsegn.
- Kommunane må ta nasjonale og regionale omsyn. Det handlar om korleis vi kan bruka lova på ein klok og heilskapleg måte. Statsforvaltaren har to hattar; det er kontrollhatten og rettleiarhatten. Vi kan få ting til saman og vi arbeider for raskare saksbehandling. Det er viktig at kommunane ikkje er bunden på hender og føter av næringslivet. Alle må tenkja pragmatisk, sa statsforvaltaren som også minna om at det er viktig å ha ungdomen med i dette arbeidet.
Statsforvaltar Liv Signe NavarseteProfessor på Norges Handelshøyskole; Ola Honningdal Grytten, peika på fleire dilemma. Han slo eit slag for at det må gjennomførast betydelege tverrpolitiske reformer for å løysa dette.
- Det må løysast fleire oppgåver innan helse og sosial. Skatteinntektene må aukast. Produktivt næringsliv må betala for at arbeidskraft skal gå over i mindre produktive næringar. Då vert løysinga endå meir skatt på produktivt næringsliv. Resultatet vert at vi tar knekken på dei som kan redda oss, sa han.
Han peika også på at fødselsraten er altfor låg. Fødselsraten må vera på minst 2,06 for å vera berekraftig.
- Ein berekraftig tverrpolitisk reform må til. Vi kjem til å få det bra, var likevel hans optimistiske sluttformulering.
Professor Ola Honningdal GryttenBymann og stril
Forfattar Gunnar Staalesen hadde «Skråblikk på stril og bymann» som sitt tema. Han trekte linjene tilbake til steinalderen og fram til vår tid. Han hylla Amilie Skram for hennar skildring av dette temaet i Hellemyrsfolket.
Språket var også ein viktig del av dette. Ivar Aasen samla dialektane og skapte nynorsken. Bergen var prega av dansk og riksmål.
- Strilane som prøvde å snakka bokmål vart gjerne kalla silkestril. Dersom nokon på 1800-talet hadde sagt til bergensdamene at strilejenta Solrun Toft Iversen skulle verta teatersjef på Den Nationale Scene, hadde dei rista på hovudet, sa forfattaren.
Gunnar StaalesenLege og psykiater Jon Reichelt, som er kjent frå TV-serien Kompani Lauritzen, fekk latteren fram i salen då han snakka om daglege dilemma.
- Eg reknar meg som ein middelmådig mann som gjer så godt som han kan. Vi er styrt av kjensler og vanar. Hugs å ta deg sjølv på alvor, men ikkje ta deg sjølv for alvorleg. Eg slår eit slag for å vera middelmådig og makalaus, sa Reichelt.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke