Renate Blindheim og Sekkingstad hylla på årsfest

Trenar for herrelaget til Sotra Sportsklubb, Renate Blindheim, er Årets fyrtårn i Øygarden. Ho fekk overrekt prisen på årsfesten til Vest Næringsråd fredag kveld. Årets bedrift vart Sekkingstad AS.
- Det er utruleg kjekt å verta anerkjent for det ein gjer, seier Renate Blindheim.

Årets fyrtårn; Renate Blindheim - Klikk for stort bileteÅrets fyrtårn; Renate Blindheim

Vi spurte henne korleis det er å vera i denne «bransjen» som kvinne.

- Det er kva du gjer det til. Det er ikkje farleg å gjera noko annleis, det er berre bra. Eg kjenner på at eg er heldig som får arbeida med noko eg trivst så godt med. Det å få til resultat er spennande, seier Renate Blindheim.

Det var ikkje heilt venta for Bård Sekkingstad at hans bedrift skulle få prisen Årets bedrift.

- Det var overraskande, men stas å få ein slik pris, sa han frå scena.

Han fekk spørsmål om han opplevde dette som fortent.

- Ja, det vil eg seia, sa han med eit glimt i auga. – Vi er eit lag der alle bidreg, Vi sender ut kvalitetsmat frå Sekkingstad kvar dag, og alle jobbar for dette, sa han.

Frå utdelinga av prisen Årets bedrift fredag kveld - Klikk for stort bileteFrå utdelinga av prisen Årets bedrift fredag kveld

For prisen Årets fyrtårn skriv juryen at vinnaren (Renate Blindheim) har vist veg med stødig leiarskap i ein bransje med sterk resultatbasert kultur. 

- Tillitsbygging, relasjonsleiing, taktikk og kommunikasjon er nokre av stikkorda for leiarskapet til vinnaren. Kompetansen til vinnaren blir lagt merke til og blir nytta langt utover Øygarden,  skriv juryen.

Det heiter vidare at Renate Blindheim er leiar i ein bransje der det er mange sterke meiningar, men som også byggjer stoltheit i lokalsamfunnet. I 2025 er resultata veldig gode for vinnaren som byggjer lag og er den første i landet av sitt slag.

-  Det er mange overføringsverdiar mellom leiarskap i idrett og næringsliv, som vi kan læra meir av. Juryen for «Årets fyrtårn» ønskjer å løfta fram trenaren som har hatt suksess med å byggja eit vinnarlag i ein stor lagidrett, og som er den første kvinnelege hovudtrenaren i norsk herre-toppfotball.   

Prisen «Årets fyrtårn» vart delt ut første gong i 2018. Denne prisen går til ein person som har hatt ein spesiell positiv betydning for næringslivet eller lokalsamfunnet i regionen – gjennom sitt engasjement, arbeid eller leiarskap. Sparebank 1 Sør-Norge er samarbeidspartnar og sponsor for tildeling av denne prisen.

Frå utdelinga av Årets fyrtårn - Klikk for stort bileteFrå utdelinga av Årets fyrtårn

Sekkingstad AS er Årets bedrift 2025

Det var altså Sekkingstad AS som fekk prisen Årets bedrift.

- Ambisjonen deira er å vera i front på verdsbasis i å levera den mest berekraftige laksen i marknaden. Det seier juryen i grunngjevinga for at Sekkingstad er kåra som Årets bedrift i Øygarden 2025. Prisen vart delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd laurdag kveld i etterkant av Øygardskonferansen.

Juryen skriv at hovudmåla til Sekkingstad er betre ressursutnytting og reduksjon av CO2-utslepp. Dagens eigar har vore pådrivar for «sirkulære Skaganeset». Bedrifta har satsa på nyskaping og teknologiutvikling. Sekkingstad var blant anna ein av aktørane bak utviklinga av båten «Norwegian Gannet» som er eit flytande slakteri for oppdrettsfisk. 

- Bedrifta har gode, økonomiske resultat, og i 2024 hadde dei rekordomsetning og selde fisk for 4,7 milliardar kroner. For ein berekraftig matproduksjon skal vi alle eta meir av det som kjem frå havet. Årets bedrift er ein viktig, lokal bidragsytar til dette, skriv juryen.
Bedrifta som juryen ønskjer å løfta fram i 2025 har lange tradisjonar. Det er over 100 år sidan bedrifta vart etablert lokalt i Øygarden. Sekkingstad dreiv då med fiskebåtar, samt handel med hummar og vill-laks. 

Bård Sekkingstad - Klikk for stort bileteBård Sekkingstad, arkivfoto

Sekkingstad utvikla seg gjennom åra og på 60-talet var dei med på pionerarbeid, då dei satsa på oppdrett av regnbogeaure og seinare laks. Etter kvart vart sjølve oppdrettsdelen seld, for å satsa fullt på prosessering og sal av laks. 

- På 90-talet var det barnebarna til grunnleggaren som overtok drifta. Dei har tatt bedrifta vidare til å bli verdsleiande innan prosessering og handel med laks, skriv juryen.


Tekst/foto/redigering: Marianne Furheim, Dorthe Iselin Austevoll og Vigleik Brekke