Trine SkulstadTrine har delteke på livstilskurset over tre månader. Målet med kurset er å leggja til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vera meir til stades i eige liv. Det har vore seks samlingar på dagtid pluss innlagt eín time trening over tre månader. Utover dette har ho kondisjonstrening kvar tysdag. Det vert også tilbod om styrketrening i Sotra Arena.
- Eg går rundt Straumeparken. Vi er mellom tre og 10 personar som går i lag kvar veke. Eg har gråte av glede over resultatet av kurset og treningane, seier Trine.
Ho skryt mykje over opplegget og kurshaldarane.
- Kurset og treningane betyr enormt mykje. Eg opplever at kurshaldarane ser meg. Vi får ei realistisk tilnærming til korleis livet er. Samtidig må eg vera ærleg på at tilbakefall er ein del av dette, seier Trine.
Effekt
Då spesialkonsulent og spesialfysioterapeut Janicke Hatland Engebretsen og Karen Marie Sørensen for eit par veker sidan møtte deltakarar frå dei to siste kursa, vart det stadfesta at kursa har gjeve effekt.
- Eg har faktisk gått ned 22 kilo på eitt år. Eg kjenner meg mykje sprekare. No treng eg ikkje lenger ta tablettar for høgt blodtrykk. Når eg handlar, kjøper eg berre det som står på lista. Eg ser alltid etter «nøkkelholmat». Eg kjøper berre grovt brød og et gjerne banan mellom måltida, seier ein av deltakarane.
Ein annan deltakar har gått ned 20 kilo.
- Eg opplever situasjonen som stabil. Eg har vore ein del sjuk og ikkje alltid fått trent som planlagt, seier ho.
Trine likar godt å padlaEndra livsstil
Korleis har kurset bidrege til endringar, spør Janicke.
- Eg har lært å konsentrera meg om å pusta for å unngå hyperventilering. Eg trudde ikkje eg skulle klara endringane, men no gjer eg det, seier en av deltakarane.
Janicke repeterer litt av det deltakarane har lært på kurset. Råda til Helsedirektoratet er å vera i fysisk aktivitet i minst 150 minutt med moderat intensitet, eller minst 75 minutt med høg intensitet kvar veke, eller ein kombinasjon av desse.
- Eg er meir målretta og meir medviten på ting. Det er ein motivasjon at eg klarar meir enn eg trur, seier en av deltakarane.
Også Trine Skulstad har opplevd endringar etter kurset.
- Før gjekk eg i skapet og fann det eg hadde lyst på. No gjer eg gjerne noko anna. Det er fantastisk deilig. Når eg no har gått ned 10 kilo, har eg endra storleiken på kleda frå 2XL til L. Eg er også meir aktiv enn før. No har eg starta med padling og har mellom anna padla rundt på Sotra, seier ho.
Ho kjenner på at det går opp og ned.
- Eg hadde ein dårleg dag i går. Men eg gler meg over at eg ikkje har «overspist» sidan i sommar. Eg må berre seia at eg har gledd meg veldig til å fortelja om dette, seier Trine Skulstad.

Oppfølgingssamtalar
Kurset «Livsstilskurs – for gode vanar» er eit kurs for personar over 18 år som til dømes har, eller står i fare for å utvikla diabetes 2, hjarte- og karsjukdom og overvekt/fedme. Deltakarane får tilbod om trening to gonger i veka i seks månader som ein del av kurspakka; styrketrening og kondisjonstrening.
Deltakarar får høve til å delta på to oppfølgingssamlingar etter avslutta Livsstilskurs. Desse samlingane vert haldne tre-fire månader og rundt åtte-ni månader etter siste kurssamling. Oppfølgingssamlingane gir høve til å dela erfaringar med andre om kva som har fungert bra, kva som er vanskeleg, og deltakarane får fagleg påfyll og støtte til å fortsetja endringsprosessen.
Samarbeid med FHI
Øygarden kommune har i år hatt eit samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for å få forskingsbasert kunnskap om eksisterande førebyggjande tiltak i kommunen. Det er gjennomført ei mini-metodevurdering (MMV) av livsstilskurset for å få forskingsbasert kunnskap om effekt av og ressursbruk knytt til dette tilbodet. Formålet er å gjera det enklare for kommunane å ta kunnskapsbaserte avgjersler og gode prioriteringar. Les meir her.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat og Vigleik Brekke