Får forskingsbasert kunnskap om livsstilskurs

Øygarden kommune har ei utfordring knytt til overvekt samanlikna med Vestland fylke og tal på landsbasis, i følgje tal frå Folkehelseoversikta. Det finst fleire ulike førebyggande tiltak retta mot betre helse i kommunen, men det er avgrensa med tilbod til vaksne med overvekt. Livsstilskurs i regi av friskliv og meistring er eitt tiltak knytt mot overvektsutfordringa i kommunen. 

Friskliv og meistring har gjennomført livsstilskurs to gonger i året sidan 2013. - Klikk for stort bileteFriskliv og meistring har gjennomført livsstilskurs to gonger i året sidan 2013.

Øygarden kommune har i år hatt eit samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for å få forskingsbasert kunnskap om eksisterande førebyggande tiltak i kommunen. Det ble bestemt å gjennomføra ei mini-metodevurdering (MMV) av livsstilskurset for å få forskingsbasert kunnskap om effekt av og ressursbruk knytt til dette tilbodet. Mini-metodevurdering er eit verktøy og ein strukturert prosess som blir gjennomført i samarbeid mellom kommunen og FHI. Føremålet er å gjera det enklare for kommunane å ta kunnskapsbaserte avgjersler og gode prioriteringar. Sjå meir informasjon på minimetodevurdering.no. 

Ein MMV består av ulike delar. Kommunen beskriv tiltaket ein vil vurdera, som i dette høvet var livsstilskurs i regi av friskliv og meistring. Organisatoriske og økonomiske konsekvensar blei gjennomgått. Erfaringsbasert kunnskap hos dei tilsette var eit viktig element i vurderinga. Dei tilsette har god erfaring med å følgja opp deltakarar over tid og med å halde kurset sidan oppstart i 2013. Brukarerfaringar er at kursdeltakarane melder om betre medisinsk og eigenopplevd helse, redusert sjukefråvær og auka deltaking i arbeidslivet, og auka livskvalitet og sosial deltaking etter gjennomført kurs. 

Positive effektar

Det blei gjort ei økonomisk vurdering av Livsstilskurset i MMV. Kommunen forventar at tiltaket vil gje positive effektar i budsjettet, mellom anna som følgje av auka deltaking i arbeidslivet, redusert sjukefråvær og bruk av vikarar, og redusert behov for andre kommunale helsetenester, som til dømes psykiske helsetenester, bruk av kommunale fastlegar, fysioterapi og anna. Livsstilskurset vart vurdert til å vera eit rimeleg tiltak som er godt etablert i Øygarden kommune. Det er likevel viktig å belysa at evalueringa er gjort på eitt kurs i ei teneste som tilbyr fleire ulike tiltak. Den låge kostnaden er mogleg grunna at kurset er integrert i ei større drift, der tilsette har fleire kurs og oppgåver. Dersom ein annan kommune skulle etablert kurset som enkeltståande tiltak ville kostnaden vore høgare. Konklusjonen er at reduserte helseutgifter vil truleg overstige kommunale kostnadar ved å drifta livsstilskurset i Øygarden.

Medarbeidarar i friskliv og meistring, koordinator og forfattar av artikkelen, Linn Jeanette Waagbø, og spesialkonsulent/spesialfysioterapeut Janicke Hatland Engebretsen. - Klikk for stort bileteMedarbeidarar i friskliv og meistring, koordinator og forfattar av artikkelen, Linn Jeanette Waagbø, og spesialkonsulent/spesialfysioterapeut Janicke Hatland Engebretsen.

FHI gjekk igjennom forsking på feltet på livsstilstiltak tilsvarande dei tiltak som er del av livsstilskurset i Øygarden. Det blei utarbeidd ein forskingsomtale frå FHI som inngår som del av mini-metodevurderinga. Forskingsomtalen viser at tiltak for å endra fleire livsstilsvanar samtidig kan gi sunnare helseåtferd hos vaksne med kronisk sjukdom. Resultata viser at livsstilstiltak hadde positiv effekt på fysisk aktivitet, inntak av frukt, grønsaker og feitt både rett etter tiltak og ved seinare oppfølging. Denne forskningsomtalen er basert på ein metaanalyse av internasjonale studiar, og evaluerer ikkje livsstilskurset direkte.

Forskingsomtalen kan nyttast som eit avgjerdsgrunnlag i kommunen for å vurdera om tiltaket Livsstilskurs skal fortsetje å vere eit tilbod i kommunen eller ikkje. 

Les forskingsomtalen her: Livsstilstiltak kan endre helseatferd hos personer med kroniske sykdommer - FHI

Vi er veldig nøgde med resultata av arbeidet med mini-metodevurderinga og den publiserte forskingsomtalen. Det er blitt gjort ein god gjennomgang av tilbodet vi har i kommunen. Det er vanskeleg å visa til effekt i forsking på helsefremmande og førebyggande tiltak, så vi er glade for at forsingsomtalen gir støtte til at livsstilstiltak kan ha effekt, både på kort og lang sikt. Varierande grad av tillit til resultata kan forklarast ut frå ulikheiter i metode, tiltak, oppfølgingstid med meir. Arbeidet med MMV har gitt positive resultat som bekreftar vår erfaringskunnskap. 

Les heile mini-metodevurderinga her: Livsstilskurs - for gode vaner. Eit tilbod ved Friskliv og meistring i Øygarden kommune. 

Arbeidet med mini-metodevurderinga vart lagt fram på Folkehelsekonferansen i Kristiansand 16. – 17. oktober 2025.

Ein viktig del av kurset er trening. - Klikk for stort bileteEin viktig del av kurset er trening.

Livsstilskurs

Kurset «Livsstilskurs – for gode vanar» er eit kurs for personar over 18 år som til dømes har, eller står i fare for å utvikla diabetes 2, hjarte- og karsjukdom og overvekt/fedme. Livsstilskurset har som mål å leggja til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vera meir til stades i eige liv. Kurset inneheld seks heildagssamlingar, som går over 3 månader. Deltakarane får tilbod om trening to gonger i veka i seks månader som ein del av kurspakka; styrketrening og kondisjonstrening. Det er mogleg å ha styrketreninga på ulike plassar i kommunen; Rong, Skogsvåg eller Straume. Livsstilskurset kostar 600 kroner som dekker lunsj, kursmateriell og deltaking på trening to gongar i veka i seks månader. 

Deltakarar får høve til å delta på to oppfølgingssamlingar etter avslutta Livsstilskurs. Desse samlingane vert helde ca. 3-4 månader, og ca. 8-9 månader, etter siste kurssamling. Oppfølgingssamlingane gir høve for å dele erfaringar med andre om kva som har fungert bra, kva som er vanskeleg, og deltakarane får fagleg påfyll og støtte til å fortsetje endringsprosessen. 

Livsstilskurset har gått to gonger i året heilt sidan oppstart i 2013. Den 22. oktober vart deltakarar frå dei to siste gjennomførte kursa invitert inn til ei oppfølgingssamling. Det var 23 påmeldte deltakarar til kurset som gjekk i perioden november 2024 til februar 2025, og 12 deltakarar på kurset som gjekk i perioden april – juni 2025. Alle som gjennomførte desse to kursa fekk tilbod om å delta på oppfølgingssamlinga.  

Kursleiarane erfarer at oppfølgingssamlingane er viktig for deltakarane. Deltakarane set pris på å få dela sine erfaringar om kva som har fungert bra, og kva som er vanskeleg. Mange synes det er vanskeleg å stå i endringsprosessen åleine. Ved at vi har disse oppfølgingssamlingane får deltakarane øvd på å jobba med verktøy og endringar på eiga hand, samtidig som det gir dei ei støtte og motivasjon i å vita at det kjem ei oppfølgingssamling. På oppfølingssamlingane vil deltakarane òg få ei oppfrisking av det som dei har lært på kurset. Dette kan vera nyttig då deltakarane er i ei anna fase av endringsarbeidet – og dei har fått erfaringar som dei kan knytte teori og verktøy til på ei anna måte. Vi ønskjer at dette vil gjere dei betre rusta til å stå i eiga endringsprosess vidare når dei skal halda fram på eiga hand etter siste oppfølgingssamling.

Karen Marie Sørensen, friskliv og meistring - Klikk for stort bileteKaren Marie Sørensen, friskliv og meistring

Rapport:  – Frisklivssentralar er eit kostnadseffektivt verkemiddel 

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at tilboda i frisklivssentralane gir deltakarane betre livskvalitet og positive endringar i fysisk og psykisk helse. Rapporten har evaluert effekten av frisklivstilbod i Noreg og peiker på at frisklivssentralar står fram som eit kostnadseffektivt verkemiddel for å redusera byrden av ikkje-smittsam sjukdom. Helsedirektoratet ønskjer å styrkja frisklivssentralane då dei har potensial til å styrkja den helsefremjande og førebyggjande innsatsen i kommunehelsetenesta.  

Les rapporten frå Helsedirektoratet her: Arbeidet i og effekt av tilbudet i kommunale frisklivssentraler - Helsedirektoratet (publisert 16.09.25). 

Les nyheitsartikkel frå Helsedirektoratet som byggjer på rapporten: Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane - Helsedirektoratet

Ved å dreia helse- og omsorgstenesta mot meir førebygging kan vi hjelpa deltakarane til å gjera endringar i levevanar som gir betre helse for den enkelte. Ei friskare befolkning vil gi lågare kostnadar for helsetenesta. Lærings- og meistringstilbod er ei lovpålagt oppgåve, og er ein rett som pasientar har. Det har stadig vore eit tilbakevendande spørsmål om vi veit at dette har effekt. Det korte svaret på dette er; ja. Dette er ikkje noko som vi har tvilt på då vi stadig høyrer om dei gode resultata hos deltakarane. Rapporten frå Helsedirektoratet konkluderer med at frisklivstilbod har effekt. Samarbeidet vi har hatt med FHI om MMV og forskingsomtalen understrekar at vi i Øygarden kommune har eit godt tilbod til innbyggarar som ønskjer hjelp med å endra levevanar for å betre helsa.    

Sunn mat - Klikk for stort bileteIll.foto

Om friskliv og meistring

Friskliv og meistring er ei helsefremmande og førebyggande kommunal teneste i Øygarden kommune. Tenesta har som føremål å fremja fysisk og psykisk helse, og førebyggja eller avgrensa utvikling av sjukdom. Friskliv og meistring har ulike gruppebaserte kurs og tilbod til personar som ønsker støtte til å endra levevanar. Tilboda omhandlar fysisk aktivitet, kosthald, røykeslutt, og å meistra helseutfordringar, som til dømes å leva med langvarig sjukdom. Deltakarar kan bli tilvist av fastlege, anna helsepersonell, men kan òg sjølv ta direkte kontakt med tenesta. 

Meir informasjon på heimesida: Friskliv og meistring - Øygarden kommune

 

Tekst: Linn Jeanette Waagbø, koordinator friskliv og meistring
Foto: privat