Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 44.

Vil auka ramma for ny skule og hall på vestsida til 330 millionar

Med åtte mot tre røyster (Ap. og SV) slutta formannskapet på onsdag seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår å auka den samla investeringsramma for ny skule på Skålvika, inkludert fleirbrukshall, frå 200 til 330 millionar kroner inklusive meirverdiavgift (2027-kroner). Formannskapet vil sjå innsparingstiltak i samanheng med behandling av årsbudsjetta.
Les meir.

Gassfunn kan gje meir gass til Kollsnes

Ein ny avgrensingsbrønn i Afrodite-funnet nær Kvitebjørn-feltet viser at dei utvinnbare gassvoluma kan vera meir enn dobbelt så store som tidlegare rekna med. Konsekvensen kan verta meir gass til Europa via Kollsnes prosessanlegg.
Les meir.

Dette er den nye kommunikasjonssjefen 

Camilla Crone Leinebø (44) er tilsett som kommunikasjonssjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som senior kommunikasjonsrådgjevar hjå Pasient- og brukarombodet. Før ho i 2022 tok til i stillinga hjå Pasient- og brukarombodet var ho spesialrådgjevar og kommunikasjonsrådgjevar på Haukeland universitetssjukehus.
Les meir.

Elena har eigenberedskap i heimen 

- Vi lever i ei uroleg tid, seier Elena Kramaridis som i fjor fekk på plass eigenberedskap i heimen. Elena var ein av mange som stoppa opp på standen til kommunen, Øygarden brann og redning og Raudekrossen på Sund Senter måndag ettermiddag. Tema for eigenberedskapsveka i 2026 (26.10 – 01.111.) er bortfall av elektronisk kommunikasjon.
Les meir.

- Det er mindre stygt snakk no

Spildepollen skule er ein av 11 skular i landet og den einaste skulen i Vestland som deltek i pilotprosjektet «Stopp hatprat i barneskulen».
- Det skjer hatprat og stygt snakk på sosiale medium, på skulen, ja eigentleg over alt, seier Hedda, Olava og Ingrid. Måndag denne veka besøkte ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Anita Garlid Johannesen og leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, leiinga og miljørettleiaren på Spildepollen skule.
Les meir.

Avinor har konkludert om testruter for helikoptertrafikk

Etter at Avintor har gjennomført test på to traséar for helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen, er det konkludert med at eí av rutene vert etablert som fast prosedyre, medan eí rute vert vidareført som testrute fram til 30. april 2027. Avinor har hatt fleire møte med kommuneleiinga og eit folkemøte den 23. september.
Les meir.

Tidlegare ordførar Torolv Morlandstø er død

Mangeårig kommunepolitikar i Fjell, Torolv Morlandstø, er død , nær 88 år gamal. Morlandstø representerte Kristeleg Folkeparti og var kommunestyremedlem og medlem av formannskapet i fleire periodar. Han var ordførar i 1980 og 1981.
- Torolv Morlandstø var ein tydeleg politikar som sette seg klare mål, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet gir råd, støtte og rettleiing i saker som handlar om psykososialt miljø for barn i grunnskule og barnehage i Vestland. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje tilvising, og mobbeombodet har teieplikt.
Les meir.

Øygarden har fått nye flyfoto

Øygarden kommune har fått nye flyfoto, tekne 14. og 15. april 2026. Flyfoto 2026 er no tilgjengelege i Kommunekart.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (44)

  • 26.10.:  Interne møte
                 Besøk Spildepollen skule 
  • 27.10.:  Frukostmøte Bergen Nærinsgråd 
                 Møte med Hogne Tyssøy 
                 Møte med Skyss
                 Stand eigenberedskapsveka
  • 28.10.:  Toppleiarmøte Klimapartnar
                  Opning av konsulat for Polen
                  Møte i arbeidsgjevarutvalet kommunedirektøren 
                  Formannskapsmøte 
  • 29.10.:  Bergen Næringsråd om kjernekraft
                 Interne møte om arealdelen til kommuneplanen
                 Møte med KF Panormana
                 Arrangement i regi av Mental Helse ungdom 
  • 30.10.:  AU Høgre, Teams 
                 Dialogmøte Statsforvaltaren 
                  Synfaring 
  • 31.10.:  Revy

Varaordførar Anita Garlid Johanessen denne veka (44)

  • 26.10.:  Interne møte
                 Formøte om Skyss
                 Besøk Spildepollen skule
                 Stand Sund Senter, eigenberedskapsveka 2026
  • 27.10.:  Styremøte Vestkystparken
  • 28.10.:  Styremøte Vestkystparken
                 Arbeidsgjevarutvalet 
                 Formannskap
  • 29.10.:  Gjennomgang om vidare prosess arealdelen til kommuneplanen