Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet gir råd, støtte og rettleiing i saker som handlar om psykososialt miljø for barn i grunnskule og barnehage i Vestland. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje tilvising, og mobbeombodet har teieplikt.

Alle skal ha det trygt og godt i barnehage og på skule og oppleva eit trygt og godt leike- og læringsmiljø.

Kven kan få hjelp?

  • Barn og føresette.
  • Tilsette i barnehage, skule og andre tenester som samarbeider med desse.

Kva får du hjelp til?

  • Råd om korleis ein går fram når barnet ikkje har det trygt og godt i barnehage eller skule.
  • Informasjon om rettigheiter.
  • Hjelp i møte med barnehage/skule.
  • Informasjon og opplæring av føresette og personale.


Meir informasjon finn du på nettsidene til Vestland fylkeskommune: Mobbeombodet i Vestland - Vestland fylkeskommune

Du finn også Mobbeombodet på Facebook og Instagram. 

Les om trygt og godt barnehage- og skulemiljø i Øygarden.

Kontaktopplysningar til mobbeombodet: