Elena har eigenberedskap i heimen

- Vi lever i ei uroleg tid, seier Elena Kramaridis som i fjor fekk på plass eigenberedskap i heimen. Elena var ein av mange som stoppa opp på standen til kommunen, Øygarden brann og redning og Raudekrossen på Sund Senter måndag ettermiddag.

Elena Kramaridis i samtale med varaordførar Anita Garlid Johannesen - Klikk for stort bileteElena Kramaridis i samtale med varaordførar Anita Garlid Johannesen

Tema for eigenberedskapsveka i 2026 (26.10 – 01.111.) er bortfall av elektronisk kommunikasjon.

På standen fekk dei handlande på senteret utlevert informasjon om eigenberedskap, klistrelappar om informasjonspunkt ved bortfall av mobil- og datanett og høve til å delta i ein konkurranse der du kan vinna ein eigenberedskapskasse (verdi tire tusen kroner) og fire naudradioar.

- Med den urolege tida vi lever i, fann vi ut at vi måtte få på plass eigenberedskapen. Det einaste vi manglar er ved. No bur vi i ei leilegheit og har ikkje vedomn. Vi vurderer å skaffa oss ein gassomn, seier Elena.

Elena arbeider i kulturskulen i Øygarden og kjem frå Ukraina.

- I beredskapslageret har vi mellom anna matvarer, hermetikk, vatn, medisin, tennstål, lommelykt, teppe og spesialflaske med filter for vatn, seier ho.

I beredskapsveka samarbeider kommunen og Øygarden brann og redning (ØBR) med Raudekrossen. Frå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, Jeanette Mydland (leiar Sund Røde Kors), beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad, Vibeke Skjerping (ØBR), varaordførar Anita Garlid Johannessen og Jan Gaute Haug (ØBR). - Klikk for stort bileteI beredskapsveka samarbeider kommunen og Øygarden brann og redning (ØBR) med Raudekrossen. Frå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, Jeanette Mydland (leiar Sund Røde Kors), beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad, Vibecke Skjerping (ØBR), varaordførar Anita Garlid Johannessen og Jan Gaute Haug (ØBR). Også Sjur Krog i Sund Røde Kors deltok på standen.

På senteret møter vi også Henriette Nordtveit som bur på Eidesjøen. Ho vedgår at ho ikkje har fått eigenberedskapen på plass ennå for familien på to vaksne og to barn.

- Vi har vedomn og gassgrill, men det er jo ikkje nok. Kvar gong eg høyrer om dette, tenkjer eg at vi bør få dette på plass, seier Henriette.

Henriette fekk ei viktig påminning for fire år sidan.

- Då Russland fullinvaderte Ukraina i 2022, kjende vi på at vi burde hatt på plass eigenberedskapen, men det vart ikkje noko av det då heller. Vi får venta med eigenberedskapen til etter trekninga av beredskapskassen, smiler Henriette Nordtveit.

Henriette Nordtveit - Klikk for stort bileteHenriette Nordtveit

I tillegg til Sund Senter vert det stand på tre andre senter. 

Møt opp på stand her:

  • Straume: tysdag 27. oktober kl. 15.00 – 17.00 (Thon Senter Sartor)
  • Ågotnes: onsdag 28. oktober kl. 15.00 – 17.00 (Ågotnes Senter)
  • Rong: torsdag 29. oktober kl. 15.00 – 17.00 (Rong Senter)


I eigenberedskapsveka (veke 44: 26. – 1. november) vil elevane i grunnskulen i Øygarden få med seg ein klistrelapp i ranselen. Der vert det informert om informasjonspunkt ved bortfall av mobil- og datanett. På klistrelappen er det ein QR-kode som kan nyttast før ein krisesituasjon utan elektronisk kommunikasjon. QR-koden fører deg til ei nettside som gjev informasjon om beredskap i heimen.

Fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke