Avinor har konkludert om testruter for helikoptertrafikk

Etter at Avinor har gjennomført test på to traséar for helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen, er det konkludert med at eí av rutene vert etablert som fast prosedyre, medan eí rute vert vidareført som testrute fram til 30. april 2027.

Testrute 1 vert fast prosedyre - Klikk for stort bileteTestrute 1 vert fast prosedyre

Avinor har hatt fleire møte med kommuneleiinga og eit folkemøte den 23. september. 

Testen på dei to rutene har føregått sidan 1. mai i år. Då er det mellom anna henta inn erfaringar med operativ gjennomførbarheit (flybarheit), samspel med andre gjeldande prosedyrar og faktisk flymønster og trafikkfordeling ved bruk av denne metoden. Det har også kome innspel frå enkeltpersonar.

Testrute 1 (sjå bilete) med direkteflyging (visuell innflyging blå rute) vert etablert som ein fast prosedyre. Denne ruta har redusert trafikken over mellom anna Turøyna/Misje, Straume og Bildøyna samstundes som trafikk i større grad er flytta mot område med mindre busetnad.

Testrute 2, (sjå bilete) direkterute mot Nordsjøen, vert vidareført som test fram til 30. april 2027. Ruta vert altså ikkje innført som fast løysing no. Ved å forlenga testperioden får ein betre datagrunnlag, samstundes som alternative løysingar vert utgreidde. Trafikkmønster, geografisk fordeling og eventuelle tilbakemeldingar/innspel vert følgd løpande.

Testrute 2 vert vidareført som test fram til 30. april 2027. - Klikk for stort bileteTestrute 2 vert vidareført som test fram til 30. april 2027.

Det skal i tillegg utgreiast ein ny eller forbetra utflygingsprosedyre frå bane 17, altså ved avgang i sørleg retning. 

Sikkerheitssjef i Avinor, Gro Handeland seier at målet er å finna ei løysing som tek i vare effektiv og føreseieleg trafikkavvikling, samstundes som overflyging av tett busetnad og den samla trafikkbelastninga vert avgrensa mest mogleg.

- Vi vil takka Øygarden kommune for ein grundig og sakleg dialog i testperioden. Eventuelle nye signal frå kommunen og tilbakemeldingar frå berørte område vil inngå i den videre vurderinga. Avinor vil gjennomføra eit nytt vedtaksmøte før testperioden for testrute 2 går ut, seier Handeland.

Ordførar Tom Georg Indrevik takkar Avinor for godt samarbeid og dialog. 

- Når Avinor no vel å utgreia utflygingsprosedyren og å forlengja testperioden for testrute 2, er det positivt. Men det vil framleis vera slik at mange opplever helikopterstøy er belastande, seier ordføraren.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto/illustrasjon: Avinor