Dette er den nye kommunikasjonssjefen

Camilla Crone Leinebø (44) er tilsett som kommunikasjonssjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som senior kommunikasjonsrådgjevar hjå Pasient- og brukarombodet. 

Camilla Crone Leinebø - Klikk for stort bileteCamilla Crone Leinebø tek til i stillinga som kommunikasjonssjef 1. februar

Den nye kommunikasjonssjefen bur i Ytrebygda, men har familieband til Øygarden. Bestemor til Camilla vart fødd og vaks opp på Nordvik ved Nautnes. Som ung flytta bestemora til Sunnmøre.

Camilla Crone Leinebø brukar mykje tid på handball. Ho er trenar for handballaga til dei to døtrene, og ho har vore mange gonger i Sotra Arena.

- Det er spesielt kjekt å koma til denne hallen. Der er det alltid mange tilskodarar og ein god kultur for å bidra, seier ho.

Før ho i 2022 tok til i stillinga hjå Pasient- og brukarombodet var ho spesialrådgjevar og kommunikasjonsrådgjevar på Haukeland universitetssjukehus.

- Eg har erfaring med å jobba i eitt av dei beste fagmiljøa innan helsekommunikasjon i landet, og lærte korleis det er å jobba med høgt arbeidspress. Å få vera med på utvikling, endring og omstilling innan kommunikasjon i den nest største kommunen i Vestland, var ei så spennande utfordring at eg ikkje kunne la vera å søkja på stillinga, seier Camilla Crone Leinebø.

Camilla Crone Leinebø har utdanning og erfaring både innan sjukepleie og kommunikasjon.

- Eg jobba i eldreomsorga i nesten 10 år. Eldreomsorga står hjarta mitt nær, og med denne bakgrunnen har eg fått kunnskap om kva pasientane møter av tenester. I arbeidet hjå Pasient- og brukarombodet har eg erfart at alle klagesakene har element av kommunikasjon, seier ho.

Camilla Crone Leinebø har bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda og bachelor i sjukepleie på Høgskulen på Vestlandet. I tillegg har ho utdanning innan kunstig intelligens, politikk og påverknad og innovasjon- og endringsleiing.

Ho tek til i stillinga 1. februar.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Benjamin Ward/Pasient- og brukarombudet