Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) fekk ikkje fleirtal for å tilrå utsetjing av skuleinvesteringa.På møtet på onsdag var det også behandling av prosessen med arealdelen til kommuneplanen.
I skulesaka hadde kommunedirektøren konkretisert kva konsekvensar investeringa vil få for kommunalsjefområdet Oppvekst. Etter framlegg frå fleirtalspartia tilrår formannskapet altså at innsparingstiltaka vert sett i samanheng med behandling av årsbudsjetta.
Arbeidarpartiet fekk tre røyster på eit forslag om å utsetja bygginga av ny skule på Skålvika til den økonomiske situasjonen tillét det og er i samsvar med den faglege vurderinga til kommunedirektøren. Her kan du lesa heile utsetjingsframlegget. (PDF, 32 kB)
INP føreslo å auka den samla investeringsramma med volleyball/gymnastikksal og ikkje fleirbrukshall slik kommunedirektøren har føreslått. Dette forslaget fekk eí røyst.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Tilrår alternativ 1 for prosessen med arealdelen til kommuneplanen
Formannskapet tilrår at formannskapet får fullmakt til å arbeida vidare med forslag til ny arealdel 2027-2039 og gjera dei endringane som er nødvendige. Prosessen tar utgangspunkt i alternativ 1 når det gjeld framdrift.
Til neste møte i formannskapet skal kommunedirektøren leggja fram ein framdriftsplan for den vidare politiske behandlinga fram mot høyring.
I saka går det fram at med alternativ 1 vert forslag til ny arealdel for kommuneplanen lagt ut på høyring i februar 2027 med mogleg sluttvedtak innan utgangen av 2027.
Saka vart behandla i formannskapet no (28. oktober) etter at kommunestyret den 23. september behandla høyringssak om forslag til ny arealdel til kommuneplanen. Det vart då vedteke å utsetja saka.
I saka skisserer kommunedirektøren to moglege alternativ for den vidare prosessen med arealdelen i formannskapet.
Alternativ 1 skisserer kva som er mogleg å få til av endringar, og leggja saka ut på høyring i februar 2027, med mogleg sluttvedtak innan utgangen av 2027.
Alternativ 2 legg opp til å arbeida vidare med alle punkta frå vedtaket i kommunestyret 23. september, og behandling av nytt høyringsforslag vil vera mogleg i juni 2027, med mål om sluttvedtak av ny arealdel før sommaren 2028.
Formannskapet slutta seg altså til å arbeida vidare med planen basert på alternativ 1 når det gjeld framdrifta av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen..
Saka går vidare til behandling i kommunestyret 5. november.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke